Samferdselssjef Gottfried Heinzerling

-Hjem-jobb-hjem ordninga kan bli innført for reisande frå Finnøy i løpet av april, opplyser samferdselssjefen i fylket, Gottfried Heinzerling til Øyposten.,

Etter møtet i samferdselsutvalet onsdag må utvidinga også vedtakast i fylkestinget. Det skjer truleg på møtet 3. mars.

Ifølge Heinzerling er det likevel fortsatt begrensingar i ordninga for reisande i Finnøy.

-Ordninga gjeld bare reisande frå gamle Finnøy kommune som pendlar til bedrifter på Nord-Jæren. Den gjeld ikkje for reisande internt i Finnøy eller pendlarar frå Nord-Jæren til Finnøy, opplyser Gottfried Heinzerling.

Årsaken til det er at pengane til hjem-jobb-hjem ordninga kjem frå byvekstavtalen, som skal gå til å betra kollektivtilbudet på Nord-Jæren. Finnøy vil truleg havna i sone to i ordninga, som betyr ein månadspris på 815 kroner.