Varaordfører Dagny Sunnanå Hausken.

STAVANGER:

Kommunedirektøren meinte ordninga ville bli for dyr i Finnøy kommuedel, og dette slutta fleirtalet i formannskapet seg til. Kommunedelsutvalet i Finnøy var av same oppfatning, men ynskte støtte til ei drosjeordning i staden.,

Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken foreslå å få vurdert ei enklare støtteordning for drosje i kommunedelen, noko som blir vurdert i det vidare arbeidet med saka.

Leif Arne Nilsen gjekk mot forslaget om å subsidiera taxi på Finnøy, og viste til at det ikkje var subsidiering av taxi i byen.

Jan Erik Søndeland har heia veldig på HentMeg-ordninga, og peika på at det er mest å henta på å innfølra ordninga i Finnøy.

-Venstre meiner er grunnlag for å innføra ordningen. Vil vera ei veldig god investering for heile Finnøy. Det er dumt viss ikkje ein miljøbevisst kommune som Stavanger går for dette, sa Søndeland.

Venstre og KrF fremja difor forslag å innføra ordninga, men fekk bare støtte for det frå eigne rekkjer.