FINNØY:

Ein vennegjeng på Hauskje brukte 1. sundag i advent til å konkurrera om kven som kan laga det finaste peparkehuset. Dei delte seg inn i tre lag med to personar på kvart lag, og sette i gang. Etter tre timar var dommen klar.,

Peparkaker er ikkje ein av dei sju tradisjonelle sortane, men kanskje vel så viktige for mange. Å laga og pynta peparkakehus er ein fast juletradisjon i svært mange heimar på denne tida.

- Det var berre ein god idé me fekk. Peparkakehusa skal verken seljast eller loddast ut, ikkje skal dei stillast ut heller. No har me kvar vårt hus ståande heime som ein del av julepynten, seier Ingrid Sofie Bergøy, som fortel at prosjektet blei såpass vellukka at dei allereie har planlagd ny konkurranse til neste år.

- Kva var det kjekkaste?

- Å pynta dei, heilt klart. Me brukte berre ting som kunne kjøpast på Coop og Kiwi, ingen stilla med utstyr ifrå spesialbutikkane, sjølv om det var ingen restriksjonar i forhold til bruken av pynt. Juryen, Oddrun og Oddvar Alstveit, stemte etter nøye vurdering fram høghuset som var laga av Oddhild og Emma, som vinnar av konkurransen. Dei var sjølvsagt ikkje informert om kven som hadde laga kva.

Dei som var med var Alstveit x 3, Reidun Johanne, Johannes og Oddhild, Ingrid Sofie Bergøy, Emma Louise Gardsteig og John Fredrik Johansen.