Birger W. Hetland har søkt om å få riva eit eksisterande naust og byggja nytt.|N

SJERNARØY: Sjølv om det politiske fleirtalet i utvalet for by- og samfunnsplanlegging i Stavanger sa nei til søknaden frå Hetland om å få riva og byggja opp igjen nytt naust på garden, kjem Helgøy-bonden ikkje til å gi opp.,

-Eg kjem til å anka vedtaket, viss mulig vidare i kommunen, men viss det ikkje er mulig, så kjem eg til å anka til statsforvaltaren, seier Hetland til Øyposten.

Det eksisterande naustet til venstre, og det nye, omsøkte til høgre. (Foto: Frå søknaden)

-Det høyres ikkje enkelt ut å få gjennomslag hos statsforvaltaren?

-Det er langt frå sikkert, for den vurderinga statsforvaltaren har gitt av saka til landbrukskontoret ber peg av "som du ropar i skogen får du svar", seier Hetland, som gjer det klart at det ikkje kjem på tale for han å søkja om dispåensasjon frå LNF-formålet.

Svekkar garden

-Det er uaktuelt, for det vil seia det same som at eg søkjer om eit naust til fritidsformål og ikkje til noko som er nødvendig på garden. For det andre kan det svekka ressursgrunnlaget på garden, ved at det kan bli lettare å skilja i frå og selja. Dessutan vil eg mest sannsynleg få eit mykje mindre bygg ennn det eg treng, og då har det liten vits. Då kan eg heller fiksa opp det bygget som står. Eg reagerer også på å måtta betala gebyr for å søkja dispensasjon, nå det etter mi meining ikkje er nødvendig, seier Birger Hetland, som understrekar at det sistnemnde er ein bagatell.

Birger W. Hetland vil riva det eksisterande naustet på 39 kvadratmeter, og byggja det opp igjen slik det ein gong var med ein skut på sida. Då vil naustet få ei grunnflate på 65 kvadratmeter. Landbrukssjefen meiner imidlertid at sidan garden har klart seg utan med dagens naust i mange år, er det ikkje nødvendig med eit større naust.  Kommuneplanen åpnar for naust inntil 30 kvadratmeter.

https://www.oyposten.no/2021/03/11/vil-ga-ny-runde-om-naust-pa-helgoy/

I debatten om Hetland skulle få lov til å riva og byggja nytt,  hevda Anders Fjelland Bentsen (Ap) at  det er eit sentralt mopment hos fleirtalet at alle søknader blir behandla likt.

Tilfeldigheter i Finnøy

-Det har vore litt tilfeldig i gamle Finnøy kommune kven som har fått lov til kva, og det er ikkje gitt at gamle saker skal danna presedens nå. Me er opptatt av å opptre ryddig, og ser ingen grunn til å overprøva dei faglege vurderingane. Me trur heller ikkje det vil føra fram, sa Bjelland Bentsen, som meinte at det var godt mulig at Hetland ville få byggja nytt naust viss han søkte om dispensasjon, og at det heller ikkje var gitt at han ikkje ville få den størrelsen han ønskte.

Fløeirtalet som avviste søknaden denne gong, med begrunnelse av at søknaden var mangelfull, var Ap, Fnb, Mdg, Rødt og Venstre. Høyre og Frp ville innvilga søknaden.

Birger Hetland tek det likevel ikkje Bjelland Bentsens betraktningar om at han kan få byggja det naustet han søkjer om, bare han søkjer om dispensasjon, for god fisk.

https://www.oyposten.no/2021/01/18/bondelaga-frustrerande-vanskeleg-a-fa-byggja-naust/

-Eg høyrer han seier det, men eg trur ikkje han har sett seg inn i regelverket, seier Hetland, som også reagerer på påstaden om at Finnøy kommune ikkje opptrådte konsekvent i slike saker.

-Stavanger kommune ga nyleg lov til eit naust i LNF-området på Kalvøy, kor naustet skulle brukast til båten til å frå hytta. Det rimer dårleg med det avslaget eg fekk på min søknad, meiner han.

Ikkje klokare

Spørsmålet om Hetland skulle få byggja naust var oppe i eit tidlegare møte, men blei då utsett for at landbrukssjefen i Stavanger, Geir Helge Rygg skulle få orientera om saka og LNF-formålet. Men Hilde Karlsen (h) sa under debatten denne gong at det var ei orientering ho  ikkje blei særleg klokare av.

-Det er merkeleg at det skal vera nødvendig å søkja om dispensasjon frå LNF-formålet, når naustet er nødvendig for gardsdrifta, sa Karlsen mellom anna, og peika på at det på den 700 dekar store garden blei drive med både melkekyr, sauer og geiter på felier øyar og holmar.

-Heilt i tråd med LNF-formålet, meinte ho.