FINNØY: Til saman hadde likevel kommunedelen Finnøy, ein liten auke i folketalet på 0,3%. Det betyr at den nye storkommunen Stavanger fekk tilført 10 nye øybuar i det første året.,Ved utgangen av året budde det 3238 personar i Finnøy.,Går ein tilbake 10-12 år tilbake i tid, før Finnfast vart bygd, var folketalet i dåverande Finnøy kommune på omlag 2700 innbyggjarar.,Sjølv om folketalet i den søre delen av kommunen har auka kraftig, held diverre nedgongen i folketalet fram i den nordre delen. I Sejrnarøy budde det ved årsskifte340 personar, medan det på Ombo var registrert 226 fatbuande. Det er ein nedgong på henholdsvis 1,7% og 1,3% frå året før. I Fisterøyane, Halsnøy-Bokn-Byre, er folketalet det same som for eitt år sidan, 136, medan talet på talgjebuar hadde auka frå 265 til 285 i løpet av 2020.,

Fogn like store som Sjernarøyane

Med sine 338 innbyggjarar ved årsskifte, bur det nå mest like mange innbyggjarar på Fogn som i Sjernarøy. Tidlegare ordførar i Finnøy,Henrik Halleland (Kr.F), trur mykje av dette skuldast kort pendlaravstand og god frekvens med både ferje og hurtigbåt til fastlandet på Finnøy,men også eit bra hurtigbåttilbod til Stavanger.-Men eg trur også det faktum at det  frå Finnøy kommune si side har vore ein klar og tydeleg politikk på at me vil ha ein meir spreidd busetnad på dei ikkje landfaste øyane, kanskje nå også byrjar å visa igjen i desse tala frå Fogn. Det er i så fall gledeleg, og det håpar eg nå også politikarane i den nye kommunen vår ser, og ikkje minst Stasforvalatren i Rogaland. Og der er heller ingen politikarar i Stavanger som vil gi eit spark til øyane og distrikta, slik eg har tolka det politiske miljøet i Stavanger fram til nå. Men dei treng å bli orientert om dei utfordringane som dei ikkje landfaste øyane har, og kvifor me i arbeidet med den nåverande kommuneplanen frå vår side er så oppteken av dette med spreidd busetnad på desse øyane for å gjera det attraktivt å busetja seg her, understrekar Halelland. Det håpar eg også at Statsforvaltaren i Rogaland (tidlegare Fylkesmannen) også nå ser.

,-

Nye b

ustadfelta blir for dyre og er ikkje lokalt tilpassa

Fognbuen, Gordon Sunde, som både er arkitekt og i si tid starta det lokale byggefirmaet Miljø Bygg, støttar Halleland og finnøypolitikarane si tilnerming til dette.

- Erfaringar så lang er at det det blir for kostbart og komplisert å få detaljregulert slike bustadfelt på dei mindre øyane. Det blir alt for dyrt å få på plass nødvendig infrastruktur til slike bustadfelt , i forhold til potensielle kjøparar og etablerar. Difor bør me heller sjå om det er muleg å få dela frå nokre få tomter i nærleiken av eksisterande gardstun eller i mindre husklynger, der nødvendig infratruktur som både vatn, avløp og fiber alt er på plass og har kapasitet til å ta imot ei begrensa nyetablering. Det er nettopp to slike spreidde familliebustader som er blitt oppførte her på Fogn det siste året, og som også er med å bidreg til den positive folketalsutviklinga her, meiner Sunde.