Kiwi'en på Askje går så det susar, og har ei omsetning på 70 millionar kroner. (Foto: Rune Nedrebø)|Kø framfor bilettluka på MF "Foldøy" etter avgangen frå Judaberg sist fredag klokka 16.35.

MOSTERØY:

Regionssjef, Trond Inge Larsson, er storfornøyd med utviklinga av begge dei to butikkane på Judaberg og Askje, og gler seg til at Njål Svela nå tek turen gjennom Finnfast og Mastrafjordtunnelen frå Finnøy, og blir ny butikksjef på KIWI Mosterøy.,

-Det har nermast vore som eit lite eventyr med begge desse to så relativt nye butikkane våre, der KIWI Finnøy nå nermar seg 40 millionar i omsetning etter berre 10 år, og KIWI Mosterøy har passert 70 millionar. Så slik sett er dese to butikkane eoi lita suksesshistorie og svært viktige for oss, understrekar Larsson.

- Det er jo også i lys av det at me no tek ei betydeleg oppgrdering av butikken på Judaberg, bekreftar han.

-Og nå følgjer KIWI Mosterøy etter?

-Ikkje direkte ennå, men me har jo våre planar også her. Då i lys av den veldig store veksten, og den sentrale plasseringa butikken har like ved den trafikkerte europaveg 39. Men me får sjå utviklinga litt an enno ein periode før me konkluderer, avsluttar regionssjef Larsson.