Kristen Helgøy meiner hurtigbåtdrifta i Ryfylke kan effektiviserast.

FINNØY

: -Ryfylke blir i dag trafikkert av fem hurtigbåtar,  men det går an å tenkja seg eit meir rasjonelt opplegg kor det er nok med fire i den såkalla Ryfylke-kontrakten, seier Helgøy til Øyposten.,

Dette kombinert med at politikarane seier seg nøgde med dagens hurtigbåt-flåte og går bort frå kravet om nullutslepp, vil langt på veg kunna gjera kutt i rutetilbudet unødvendig, meiner han.

Helgøy er ein av underskrivarane på oppropet mot det foreslåtte kuttet i hurtigbåttilbudet.

-Det må uavnsett vera eit minstekrav at fylket ikkje kuttar alt neste år. Då er det snakk om å spara fem millionar kroner på årsbasis, men kuttet kan kanskje ikkje gjennomførast før til sommaren. Då er det bare 2,5 millionar å spara, og det er småpengar. Fylket bør difor ikkje kutta neste år, og  heller bruka neste år på å leita fram pengar til hurtigbåtane i 2022. Så kan dei leggja planane for korleis hurtigbåttilbudet skal vera etter 2023, når dei varsla kutta skal koma med full tyngde, seier Kristen Helgøy.