Fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg (t.h.) på befaring på Foreneset i Suldal, ein av plassane som kunne bli hardt ramma om det blir kutt i hurtigbåtene. F.v. Øyvind Lovra Tveitane, Berit Fyljesvoll Haugsland og Laila Øxtra. Foto.privat.

JELSA:

Ryfylkeaksjonen 2020 er ei nyetablert gruppe beståande av grendalag, bygedutval, bygdaråd og næringsforeiningar samt nokre privatpersonar over heile Ryfylke. Berit Fyljesvoll Haugsland frå Jelsa er initiativtakar til gruppa som har engasjert seg i å behalda i rutetilbodet trass i varsla kutt.,

Store konsekvensar

I eit møte i fylkesstyret 24.november fekk Ap, Kr.F, V, Sp og MGD medhald i deira forslag om å kutta 5 millionar i hurtigbåttilbodet allereie ifrå neste år. Saka skal endeleg behandlast i fylkestinget neste tysdag.

- Ryfylkingane vil ikkje finna seg i redusering av hurtigbåtrutene. Anten det blir «litt» i 2021 og 2022 slik som fylkesutvalet vedtok, eller ei rasering frå 2023 som notatet frå Kolumbus er ei oppskrift på. Me ynskjer å behalda tilbodet slik det er i dag. Får me ikkje stoppa kutta no, blir det straks mykje vanskelegare når den nye kabalen skal leggast til våren. Då kan me risikera å byrja med nytt anbodsgrunnlag. I fleire av dei alternative budsjettforslaga er det funne rom for å oppretthalda rutestrukturen ut anbodsperioden. Dette viser at det er handlingsrom for å halda fram med rutetilbodet slik det er i dag, seier Fyljesvoll Haugsland.

- Korleis vil eit eventuelt kutt i rutene neste år påverka Ryfylke?

- Ryfylke bør ha eit kollektivtilbod på lik linje med resten av Rogaland. Her er mange aktive bygder med eit variert næringsliv som har behov for kommunikasjon internt og til fylkeshovudstaden. Verdiskapinga i denne delen av fylket er stor; vasskraft, stein- og mineralressursar, primærnæringar, prosessindustri, havbruk og turisme. Vårt krav om gode hurtigbåtruter er for at me alle skal ha stabile forhold for arbeid og rekreasjon, turisme og utdanning, seier Berit Fyljesvoll Haugsland.