I desse dagar blir også dei første lamma gjort klar for sending til slakteriet, og dei neste tre vekene vil nærmare 9000 lam finna vegen til slakteriet til Nortura og Fatland. Det berre frå landets største sauekommune, Nye Stavanger kommune.,

Og det har vore ein svært god beitesommar for dei mange titals tusen lamma i både Rennesøy og Finnøy denne somamren. Det bekreftar sauebonde og formann i Rogaland Sau og Geit, rennesøybuen Kjell Åge Thorsen. Han driv gard på Østhusvik.

-Ja, lamma ser veldig fine ut, og etter at mange av sauebøndene no også har hatt dei på vekta for å ta ut slaktelamma, får me bekrefta dette. Berre denne første veka vil difor over 2000 lam finne vegen til slaktereria her frå øyane i Rennesøy og Finnøy, bekreftar Thorsen.

-Det er også viktig for økonomien å få av garde dei slaktemodne lamma nå som prisen er høgast. Så må både me bønder, omsetningsledda, og ikkje minst butikkane, visa vilje til å bruka litt ekstra pengar til marknadsføring. For også lam er best som ferskvare, og forbrukaren treng ikkje berre kjøpa lam til fårikålen i september-oktober, og til pinnekjøtet før jul. Her har me alle ein jobb å gjera, påpeikar fylkesleiaren i Sau og Geit.

God start

-Kva er grunnen til at lamma er så fine akkurat i år?

-Dei fekk ein nermast optimal start på beitesesongen frå siste halvdel av april, og framover i mai og juni månad. Då blei sjølve grunnlaget lagt med ein svært god tilvekst. Så sjølv om været har vore både kalt og regnfullt no i juli,var det eit avgjerande utgangspunkt for at me no får flotte lam .

-Så sauebonden på Rennesøy har ikkje grunn til å klaga så langt

?,

-Nei, eg er optimist på vegne av både meg sjølv og ei heil sauenæring her i fylket så langt. Men det betingar at me spelar korta våre rett, og ventar med å senda slaktemodne kvaliteslam ut på markanden. Der har me enno ein jobb å gjera, forsikrar Kjell Åge, som i fagbaldet Bondevennen nyleg gjekk ut og tok til orde for bruka ei enno sterkare prisdiffrensiering mellom salktemodne og ikkje slaktemodne lam. -Det skal ikkje mange slike dårlege lam av skinn og bein ut på marknaden før det øydelegg for ei heil næring, åtvarar Thorsen.

Fylkesleiaren har også tru på at den betydelege auken i kjøtforbruket som eit resultat av koraonatilataka og redusert grensehandel, og eit underskot på gris- og strofèkjøt i marknaden, kan slå positivt ut for næringa.

-Men me må berre få kjedemakta til å forstå at ferskt lammekjøt er eit framifrå produkt, både på grillen og utanom sesongen. Så skal me levera kvalitetsvarer, gjentek han nok ein gong.

-I ferd med å få kontroll med overproduksjonen

På Nordre Vignes på vestsida av Finnøy, har saue- og kyllingbonde Karl Andre Vignes hatt travle dagar med å både vega og ta ut dei 160 lamma som skal gå til slaktehuset dei nermaste tre vekene.

-Det er vel halvparten av heile flokken.Resten har eg alt teke frå mødrene sine, og sett dei på innefôring.,Eit slikt fôringsopplegg er vel kanskje ikkje det mest vanlege i tradisjonelt sauehald, men den unge bonden har likevel valt å gjera det på denne måten fordi det etter hans meining gir best økonomisk utbytte, slik han ser det.

Sauenæringa har slitt med store lagerbeholdningar og overproduksjon dei siste åra. Eit stort fjell av frossent sauekjøt hadde tidlegare hopa seg opp på lager ute i slakteria.

-Men også dette kjøtberget ser det no ut til at me skal få ein slutt på, fortel Karl Andrè. Han viser til avtalar om storeksport av sauekjøt til land i Midtausten som har betra situasjonen betrakteleg.,-Difor er eg optimist også med tanke på den føreståande lammesesongen, sjølv om oppgjerdsprisen til oss produsentar har gått betydeleg ned sidan toppåret i 2015, seier Vignes.

Karl Andrè legg også til at det har vore ein svært god beitesommar på Nordre Vignes i år, noko som gjer at han trur det vil bli gode slaktevekter på lamma og greie slakteoppgjerd likevel. -Eg har hatt lamma på vekta heile fem gonger fram til no, og det ser veldig bra ut, avsluttar han.

Ser veldig bra ut også på Rennesøy-Mosterøy

Rennesøybuen Kjell Åge Thorsen er leiar av fagorganisasjonen Sau og Geit i Rogaland. Han bekreftar at det har vore ein svært god beitesommar for dei som har hatt sauene på beite på Ryfylkeøyane denne sommaren.

-Trur du at koronasituasjonen og mindre grensehandel også kan slå positivt ut på etterspørselen etter lam og, slik det har gjort på fleire andre kjøtslag så langt i år?