RENNESØY

: -Eg kjem til å ta tak i saka, når det er eit ynskje om dette er det vår plikt å fylgja opp, seier Terje Øvrebø, leiar i kommunedelsutvalet i Rennesøy til Øyposten.,

Som Øyposten melde tidlegare kom ynskjet om polutsal fram nyleg under "verkstaden" i Innbyggartorget om den nye kommuneplanen for Stavanger.

Øvrebø er litt usikker på korleis saka skal handterast, og om eller i kva grad kommunedelsutvalet skal involverast.

-Men det skal eg finna ut av, uansett kjem eg til å ta saka vidare, seier Øvrebø.

Ordførar Dagny Sunnanå Hausken uttalte seg nyleg til Bygdebladet om saka, etter Øyposten sitt oppslag, og ba då folk senda henne ein epost om saka viss dei vil ha pol.

Informasjonssjef Jens Nordahl i Vinmonopolet opplyser at pol i Vikevåg blei vurdert for fleire år sidan, i forbindelse med ein henvendelse frå Rennesøy kommune om dette.

-Den gong blei det ikkje noko av, seier Nordahl.

Han legg til at Vinmonompolet kvart år vurderer 200 stader som mulige for polutsal. Eit hovudkriterium er at eit utsal kan gå med overskot. Andre faktorarar er avstand til næraste pol og handel og aktivitet på staden.

-Både Stavanger og andre større byar har overlatt til Vinmonopolet å vurdera om det skal opprettast utsal. Men får me ein henvendelse om pol på Rennesøy vil me sjølvsagt vurdera dette på nytt, seier Nordahl, som også opplyser at Vinmonopolet planlegg ein tur til Rogaland på nyåret.

-Då er det naturleg at me også tek oss ein tur til Rennesøy, seier han.