FINNØY:

- Eg ser på dette som ein ny og spanande utfordring. Og etter 10 år i ein jobb på same plassen, er det vel kanskje også tida inne til å flytta litt på seg, seier Svela.,

Men for dei som kjenner den blide og joviale buøygutten, som for vel 10 år sidan tok kone og barn med seg og flytta inn i nytt hus i Storehamn på Steinnesvåg, vil nok Svela bli sakna.

-Men eg er mest heilt sikker på at ho Maren vil bli like godt motteken som det eg blei, smiler Svela, når lokalavisa konfronterer han med dette, og om korleis dei handlande generelt har blitt møtt og motteken på av den servicevennlege og alltid smilande og vennlege butikksjefen gjennom desse åra.

Og kanskje er det nettopp service og ein uvanleg imøtekomande butikksjef som har vore ein viktig del av suksesshistoria bak daglegvarebutikken på Faa. Ein butikk som mange finnøybuar heller ikkje meinte var liv laga i konkurranse med storebror COOP Finnøy, nede på kaien i Judaberg sentrum. Men slik skulle det altså på ingen måte bli.

-Ja, det har gått rimeleg bra, sier Svela beskjedent. Men det skuldast i all hovudska ein hardtarbeidande og svært dedikert betjening, understrekar han.

-Ja, har du tal for korleis dette lokale butikkeventyret eigentleg har utvikla seg gjennom desse 10 åra?

-Det er eg ikkje heilt sikker på, og eg veit vel heller ikkje om eg eigentleg er den som SKAL svar på dette, repliserer han igjen på sin noko forsiktige måte. For  han Njål har alltid vore oppteken av å gå den rette tjenestevei, sjølv om han er butikksjefen.

-Har meir enn dobla omsetninga

Men akkurat i desse dagar er heile butikken snutt opp ned, og butikken stengt for dei mange handlande. Ei betydeleg oppdatering, renovering  og ommøblering av både lager og sjølve butikklokala skal nemleg gjennomførast denne veka. Primus motor for dette arbeidet er distriktssjef Arvid Voll. Den 3. november opnar KIWI Finnøy igjen dørene med ein heilt ny "butikkbunad" på.

-Ja, KIWI Finnøy er eigentleg ei lita suksesshistorie, bekreftar Voll. -Det første heile driftsåret hadde me ein omsetning på omlag 15 millionar kroner. I fjor passerte med 30 millionar, og vil nok i løpet av inneverande år nærma oss dei 40 i omsetning, smiler Voll.

-Det skal Svela og hans butikkstab ha storparten av æra for. For det dei har fått til her på Finnøy har også blitt lagt merke til langt oppover i systemet vårt , bekreftar Voll.- Det er ein av grunnane til at me no ynskjer å ta Svela over til Askje, som er ein butikk som ligg enno meir sentralt til og har betydeleg høgare omsetning. Her ligg det eit potensiale til ytterlegare vekst. Og det er den reisa me no vil at Svela skal ta oss vidare med på, seier Voll.

,-

Dette er ein draum som går i oppfylling

For 23 år gamle Maren Winum Kolstad, er det å ta over som butikksjef ein draum som går i oppfylling.

-Eg er nærmast født inn i KIWI-systemet, ettersom mor mi har vore butikksjef på KIWI Åsen heilt sidan eg var unge. Alt som barn bestemte eg meg difor for at det var dette med å jobba i butikk eg skulle driva med. Difor har eg også arbeidd i butikk heilt sidan eg var med mor som 13- åring. Eg har fagbrev frå vidaregånde skule innanfor salg og service, og har også gjennomført KIWI sitt eige trainee-program. Den siste tida har eg vore assiterande butikksjef ved KIWI Auglendsveien på Åsen i Stavanger, fortel Winum Kolstad.

Nå har den 23 år gamle og ferske butikksjefen på KIWI Finnøy gjort tastabu av seg, og ser fram til å ta den daglege turen innover dei grøne øyane og over til Finnøy.

-Eg tenkjer at det skal gå veldig greitt. Eg kjøyrer mot rushtrafikken, og får god tid til å tenkja og planlegga arbeidsdagen i fred og ro i løpet av den snaue 30 minuttar lange bilturen, smiler den nye KIWI-sjefen.

-Eg har ikkje tenkt å føreta dei store omveltningane, men vil sjølvsagt gjera ting på min og vår måte, undertrekar ho.

- Då handlar det i første omgang å byggja eit sterkt lag saman med dei tilsette. Der skal trivsel blandt dei tisette og dette med å yta service til kundane vera i fokus. Slik sett så har han Njål lagt eit godt grunnlag, så eg har store sko og fylla. Men eg er optimist og veit at dette skal me få til. Så eg skal heilt klart klara å ta godt vare på den stafettpinnen eg nnå har fått overlevert og visa meg tilliten verdig, avsluttar den ambisiøse tastajenta.

-Frukt og grønt i fokus

-Slagordet vårt er "Sunnhet til folket" .Det skal me styrka ytterlegare og visa at me lever opp til, undertrekar distriktssjef Voll.

-Difor vil frukt- og grøntavdelinga få ei betydeleg oppgradering og få den mest sentrale plasseringa i butikken. Det skal på ein måte bli sjølve blikkfanget når kundane kjem inn døra, fortel Voll.

-I tillegg vil kjøledisken der melkeprodukta m.m er plassert, bli trekkt lenger innover i butikklokala. Sjølve kjøleanlegget vil også få ei oppgradering ved at me tek i bruk eit meir miljøvennleg system. Men også kassane der betalinga er lokalisert, vil også få eit betydeleg ansiktsløft. Alt dette til det betre for både miljøet og kundane, slik me både håpar og trur at vil skje når dette står ferdig, avsluttar distriktssjef Arvid Voll.