Både Ovidiu Vasilie og Siw Iren Steinsvik håpar at politikarane ikkje gjer alvor av forslaget om å leggja ned barnehagen.|-Trist viss barnehagen forsvinn, meiner Siw Iren Steinsvik, som nettoipp har henta dottera Emilie i barnehagen. Jan Tore Handeland har henta dottera Nila.|Litt av aktivitetane i barnehagen i sommaren som var.|-Me flytta hit på grunn av barnehagen, seier Ovidiu Vasilie med sonen Casian.|

FINNØY:

Ovidiu Vasilie flytta frå Judaberg til Steinnes bare for at barna hans skulle få gå i Hesby barnehage. Nå ser han mørkt på situasjonen viss barnehagen blir lagt ned.,

Vasilie jobbar i Grieg Seafood på Sjernarøy, og treng bilen på jobb. Familien har bare ein bil, og vil koma i ein umulig situasjon viss barna skal gå i ein annan barnehage, meiner han.

Siw Iren Steinsvik har henta dottera Emilie i Hesby barnehage, mens Jan Tore Handeland har henta dottera Nila. -Trist viss barnehagen forsvinn, meiner Steinsvik. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Me har ein gut som går i barnehagen nå, og neste år får me to til. Kona mi kan ikkje gå den lange vegen til dømes til Hagatoppen barnehage på Judaberg, viss barna får plass der, seier han.

Også Siw Iren Steinsvik meiner det er viktig å ha ein barnehage i nærmiljøet, og oppfordrar politikarane til å tenkja miljø og ikkje bare pengar.

Avhengig av bil

-Barnehagen ligg i gåavstand for mange, det er annanleis enn å ta vegen åtte kilometer til Judaberg. Då blir du avhengig av bil, seier Steinsvik til Øyposten.

Sjølv bor ho på Vignes, og jobbar som assistent i Utsyn barnehage. I Hesby barnehage har ho ei jente, Emilie på to og eit halvt år.

-Me flytta hit på grunn av barnehagen, seier Ovidiu Vasilie med sonen Casian. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Det er veldig trist viss barnehagen her blir lagt ned. Eg håpar ikkje at det skjer. Her har barna natur og dyr rundt seg, og sjøen like i nærleiken. Det er ikkje mange barnehagar som ligg så fint til, seier ho.

https://www.oyposten.no/2021/11/16/kommunedirektoren-vil-legga-ned-hesby-barnehage/

Siw Iren Steinsvik har hatt barn i barnehagen sidan han åpna, og er svært godt fornøyd med tilbudet.

-Viss målet er at det skal koma fleire barn i barnehagen, er det viktig å behalda han for å lokka fleire barnefamiliar til å busetja seg her, meiner Siw Iren Steinsvik.

Høyre seier nei

Forslaget skal opp i kommunedelsutvalet i ettermiddag, kor Høyre i Finnøy alt har flagga at dei er i mot nedlegging.

-Det er veldig lite pengar å spara på å leggja ned barnehagen. Dessutan er det eit korttenkt forslag. Sjølv om det er få barn nå, veit me ikkje korleis situasjonen er om nokre år, seier Berit Hopland.

Litt av aktivitetane i barnehagen i sommaren som var. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Ho peikar også på at barnehagen er i god stand, og at ei nedlegging vil bety at foreldre må køyra ungane til andre barnehagar.

-Målsettinga er at ein familie skal klara seg med ein bil. Det kan bli vanskeleg viss ein av foreldra brukar bilen på jobb, seier Hopland.