Frå Teigen på Finnøy.

FINNØY:

Kommunen imøtekjem søknaden om å bevilga 402.000 kroner til lysanlegg i Teigen. -Dette betyr at me kan gå vidare med arbeidet med å laga lysanlegg i turområdet, seier Arild Flesjå til Øyposten.,

Det er Flesjå som har laga planen for lysanlegg i Teigen, og hittil er det sett opp 32 lyspunkt på dugnad. I desse dagar skal det setjast opp fem nye master med lys frå hovudvegen og opp til lysløypene.

-Det er planlagt ytterlegare 25 lysmaster, og pengane som me nå får vil gjera at me kjem langt med det arbedeit, om enn ikkje heilt i mål, seier Arild Flesjå.