Jostein Gard set kursen med Hurtigruten mot Grønland

Jostein Gard frå Talgje er plukka ut til å vera reiseleiar når Hurtigruten arrangerer tur til Grønland neste sommar. Turen går til eit område av den store øya som svært få får anledning å koma til.

Jostein Gard blir reiseleiar på turen med Hurtigruten til austkysten av Grønland.|Isfjell i drift utanfor kysten.|Aust Grønland om sommaren.|Den danske stasjonen Daneborg på Aust Grønnland.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

TALGJE:

Turen går frå Stavanger med fly til Island, derifrå med Hurtigruta og varer 13 dagar. Reiseleiaren sjølv er både overraska og gledar seg som ein unge til turen.,

-Det er fem år sidan eg har vore på tur, og dette blir ei fantastisk oppleving. Turen går til Danmarkstredet og den spektakulære austkysten av Grønland, seier Gard til Øyposten.

Han legg til at det var dette området Helge Ingstad prøvde å annektere på vegne av Norge i 1931, eit forsøk som enda med total fiasko og nederlag i den internasjonale domstolen i Haag.

 Aust Grønland om sommaren.

Sjølv har Jostein Gard vore på Grønland mange gonger, fleire gonger som reiseleiar, og han har også budd der i bortimot eit halvt år til saman i 2008 og 2009.

-Dette nemnde eg under ein tur på Hurtigruten nå i september, og denne veka blei eg overraskande kontakta og spurt om eg ville vera reiseleiar på turen. Noko eg sjølvsagt straks sa ja til, seier Gard.

-Korleis er det i området som turen går til?

-Det er eit ganske unikt område med ein sårbar natur, som gjer at det er få som får reisa dit. Naturen er fantastisk med gigantiske isfjell og tundra med rikt dyreliv. Hurtigruten er det einaste turistskipet som får adgang der neste år.

 Isfjell i drift utanfor kysten.

Eg har visst om denne plassen lenge, og hadde planar om å laga tur dit. Men ei svak krone gjorde turen alt for dyr, og dessutan mangla eg gode kontaktar i området. Difor droppa eg det, seier Jostein Gard.

Det er det nyaste hurtigruteskipet "Fridtjof Nansen" som skal ta turen, og Jostein Gard skal vera reiseleiar for ei gruppe på 15. Prisen per person i utvendig dobbel lugar er den nette sum av nesten 65.000 kroner, men Gard meiner det er verd prisen.

-Grønland er blitt eit reisemål du gjer bare ein gong i livet, seier han.

Den reiseglade talgjebuen stoppar ikkje med denne turen. Han skal også vera reiseleiar for ein to vekes blomstringstur til Sør-Afrika i september 2022.

 Den danske stasjonen Daneborg på Aust Grønnland.
Publisert: