FINNØY:

Dette var også siste kampen trenar Erik Torger-Flesjå Johansen leia laget, ettersom han like før kampstart gjorde kjent både for spelarar og publikum at han trekkjer seg tilbake ved sesongslutt.,Men det byrja på verst tenkeleg vis for Finnøy, då gjestene frå Tau leia heile 3-0 før dei første 40 minutta av kampen var unnagjort. Det etter scoringar av Asgeir Austigard,Jørgen Sandvik og Alexander Aukland Smith. Kanskje litt i overkant etter spel og sjansar, men likefullt ei fullt fortent leiing, der MIL  var det klart beste laget.,

Slo kraftig tilbake

Eit korrekt idømt straffespark til Finnøy like før pause, som Torjus Halsne sikkert sette i mål, var som ei vitamininnsprøyting for heimelaget. Og trenar Flesjå-Johansen må ha sagt noko velvalgte ord til spelarne sine i pausen. For det var eit heilt nytt heimelag som kom på banen etter kvilen, og som ville gi trenaren sin ein verdig avskjedgåve.

Den nykomponerte og unge midtbanetroen, anført av Ola Angelskår Moen (16),Josef Bø (15) og Sander Idsøe (21), tok saman med løpsmaskinen Jarle Sigbjørn R. Eike verkeleg tak i kampen.Det var difor heller ikkje ufortent at Håkon Kavli på glitrande vis, stupheada inn reduseringa i det 66. minutt frå straffesparkmerket. Etter det hardna kampen til og duellane blei tøffare og tøffare, sjølv om kampen ikkje på noko måte utarta og var stygg.

Flott punktum

Ein entusiastisk trenarbenk på sidlinja pusha spelarane framover på banen, og gleda var enorm då  Josef Bø utlikna til 3-3 i det 86. minutt. Eit flott punktum for sesongen på heimebane av Finnøy, og ikkje minst av den unge fognbuen, som på den måten også viste at framtida kan sjå lys ut for A-lagsfotballen på Finnøy i åra som kjem.

Laget er dermed trygt forankra midt på tabellen før den siste kampen mot Siddis. Og trass i nokre storsmellar mot topplaga Tasta,Vardeneste 2 og Mastra, viste også kampen mot opprykksfavoritten MIL, at laget på ein god dag som denne også kan utfordra dei beste laga i 5. divisjon. Med poengtapet mot Finnøy, er også MIL definitivt ute av kampen om opprykk til 4. divisjon. Nå ligg truleg vegen open for Tasta om dei ikkje går på poengtap i siste serierunde.