Koronasituasjonen: – Me har slept billeg unna i Finnøy

Ifylgje lege Eivind Vestbø er me heldige og kan fortsetta å sleppa billeg, viss flest mogleg vaksinerer seg.

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Doktor Eivind meiner det er ei samfunnsplikt å la seg vaksinera. På den måten har me sjans å halda fram med den låge smitten i Finnøy. (Foto: Rune Nedrebø)

FINNØY:

Det er ingenting som tyder på at koronapandemien er på tilbakegang. Det siste døgnet er 129 personar i Rogaland smitta. Det er det høgaste smittetalet sidan 8. januar i år. Men i Finnøy har me vore heldige og har slept lett unna, i alle fall så langt.,

– Kvifor er det slik at Finnøy langt på veg har vore skåna for pandemien?

– Eg vil tru at spreidd busetnad og geografi har kome denne regionen til gode denne gong. Det har vore lite smitte, og dei lokale smitteverntiltaka har vore relativt lette å gjennomføra. Skulane har vore opne, og alvorleg sjukdom har me sett lite til. Ja, me har slept billig unna og hatt lite smitte.

Det seier tidlegare kommunelege Eivind Vestbø, som fylgjer koronasituasjonen nøye.

Redusert motstandskraft

Ifylgje Vestbø har me nådd fase tre, som blir kalla «normalfasen».

– Første fase våren 2020 var prega av usikkerheit. Me skjøna fort at det var stort smittepotensiale, og at me ville få ein verdsomspennande pandemi. Men me visste lite om bekjemping av viruset, kor farleg det kom til å bli, og konsekvensane det kunne få for samfunnet.

Fase to var ein reaksjonsfase der tiltak mot viruset blei utvikla i rasande fart. Det innført tilrådingar og påbod, det blei utvikla vaksinar, og me fekk aukande kunnskap om behandling av dei sjukaste slik at flest mogleg overlevde.

– Korleis kan me vera i normalfasen når smitten er høgare enn nokon gong?

– Det kan høyrast ut som desse to tinga ikkje går i hop, men det finst ei forklaring. For det første har me vore heldige, og ikkje fått mutasjonar som øydelegg vaksineeffekten mot alvorleg sjukdom. For det andre, er vaksinasjonen av risikogruppene fullført. Det er rett nok ei lita gruppe risikoindivid som framleis kan få alvorleg sjukdom og kanskje kan døy, men me må ikkje gløyma at vanlege infeksjonssjukdommar florerer kvar vinter, og er like dødelege for dei svake som covid, etter vaksineringa, seier han.

– Kva er då problemet?

– Det er at covid kjem på toppen av alt det me har frå før. Og når me normaliserer situasjonen i samfunnet blir det ekstra mykje «vanleg» sjukdom, sidan motstandskrafta er redusert på grunn av alle smitteverntiltaka som har vore to sesongar på rad. Allereie før koronaen var intensivavdelingane sett på strekk i toppsesongen. Når covid kjem i tillegg, kan systemet bryta saman, seier Vestbø.

Kan bli ny nedstenging

Trass i knallhøge smittetal vil ikkje Stavanger kommune innføra koronapass. Passet skal brukast for å hindra at smitten spreier seg på stader der det er mange folk samla innandørs.

Passet viser om du er vaksinert, har negativ koronatest, eller om du er immun etter å ha hatt kovid. Kommunane Trondheim og Tromsø har sagt at dei ønskjer å innføra koronapass.

– Bør Stavanger gjera det same?

– Både ja og nei. Det statlege regelverket for innføring av koronapass er snart ferdig, men me veit likevel ikkje kor stor effekt innføringa vil få på førekomsten av alvorleg sjukdom. Det har jo vist seg at det går an å bli smitta, sjølv med dobbel dose vaksine. Har det då noko føre seg med koronapass? Vil det ha effekt på talet på sjukehusinnleggingar? Det er mange spørsmål som treng svar før eg kan svara ja eller nei. I dag er det slik at helsestyresmaktene styrer etter presset på sjukehusa, og ikkje i forhold til tala på smitta. Viss koronapass er eit alternativ til å stenga ned samfunnet, viss smitten truar sjukehusa, så er svaret ja. Å innføra koronapass er atskilleg mindre inngripande i samfunnet enn full nedstenging. Men som sagt, me veit ikkje nytteeffekten av det ennå, seier den tidlegare kommunelegen.

– Trur du me, i dette området, kan komma i denne skvisen?

– Ja, enkelte delar av landet nærmar seg det punktet. Det er ikkje utenkeleg at det kan bli aktuelt i Stavanger også. Det er opp til den enkelte kommune å bestemma, og dei ser situasjonen an frå dag til dag. Me må aldri gløyma at effekten av å redusera gruppa med uvaksinerte er vel så viktig som alt anna. Sjølv meiner eg det er ei samfunnsplikt å la seg vaksinera, avsluttar Vestbø.