Alvorleg trafikkulukke ved E39/Hanasand.

Saka oppdateres.

RENNESØY:

Nødetater er framme ved ei alvorleg trafikkulukke mellom ein lastebil og personbil ved krysset E39/Hanasandveien torsdag ettermiddag. Ulukka blei meldt klokka 12:22.,

– Føraren av personbilen er frakta til sjukehus med ukjend skadeomfang, opplyser politiet til Øyposten på staden.

Lastebilsjåføren skal vera uskadd.

– Det er minst to personar som er involvert. Helse jobber med dei involverte på staden, opplyser Roger Litlatun, operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikt rundt klokka 12:50.

Hendelsesforløpet er uklart.

[ap_map id="4360" centerlat="59.1153457201367" centerLong="5.698916783965274" markerLat="59.114876898622754" markerLong="5.698017736687433" zoom="13.58809055642514"]

– Ulykka fremstår som alvorleg. E39 er sperra i begge retninger, meldte Sør-Vest politidistrikt klokka 12:36.

Mannskap fra Rennesøy og Kvernevik brannstasjon rykka også ut.

Vegtrafikksentralen har stengt Mastrafjordtunnelen.

– Me stenger Mastrafjordtunnelen nå, slik at ingen blir ståande i kø i tunnelen, opplyser vegtrafikksentralen.

Vegen kommer til å vera stengt ei stund, opplyser dei. Det er omkøyring via Fylkesveg 4616, Sørbøvegen.

Det er trafikale problemer og lange køar på staden, og det er stengt avkøyrsel ved Hanasandveien.

https://twitter.com/politietsorvest/status/1479050643612516354