-Det må finnast andre løysingar enn å flytta elevane til Finnøy,, meiner Kari-Anne Nes, som sit i FAU ved Ombo oppvekstsenter.

OMBO:

Kari-Anne Nes har to barn på skulen i Eidssund,  ei jente i 2. klasse og ei i tredje. Dessutan har ho minstejenta på fem i barnehagen der.,

Ho er skeptisk til forslaget om at 5. , 6. og 7. klassingane i framtida skal gå på Finnøy.

-Me har ein velfungerande skule på Ombo med eit flott uteområde. Det må finnast andre løysingar enn å flytta mellomtrinnet til Finnøy, meiner ho.

Kari-Anne Nes er med i foreldreutvalet (FAU) på skulen, men forslaget er så nytt at FAU ikkje har rukke å diskutera det ennå. Difor understrekar ho at ho berre gir uttrykk for sine eigne, personlege meiningar.

Viktig sak

-Me har engasjerte foreldre ved skulen, og me kjem garantert til å seia meininga vår i denne saka. For den er viktig, og eg kjem til å bli svært overraska viss ikkje konklusjonen på høyringa blir at det er best at ungane går her fortsatt, seier ho.

Den minste jenta hennar har seks medelevar på same alderstrinn, mens det på trinnet til den største er bare to.

Å la barna få gå saman i større klassar er eit hovedargument frå kommunen si side for å flytta elvane til Finnøy. Skulen i Eidssund er organisert med fådelte klassar kor 2. og 3. trinn går saman og 4. og 6. Slik blir det ni elevar i kvar klasse.

Den nye skulegenseren på Ombo, som markerer at skulen i fjor var 20 år. Genseren er teikna av den lokale kunstnaren Glenn Flesjaa. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Det er få på trinnet, det ser alle. Men ulempen ved å flytta dei frå det kjente og trygge miljøet på Ombo vil like vel vera større.  Det er for tidleg å senda barna den lange vegen til Finnøy, dei med lengst veg må rekna med å bruka ein time til og frå skulen, seier ho.

Ho meiner det difor først må leitast etter andre løysingar, som gjer at elevane får eit felleskap sjølv om det er små klassar.  Samarbeid mellom skulane på Fogn, Ombo og Sjernarøy om felles turar og andre felles arrangement, kan vera ein veg å gå, meiner ho.

Stiller seg åpen

-Det er ikkje noko enkelt svar på dette, men det har gått før med små klassar, meiner ho.

Ann-Mari Lindanger har ein gut som går på ungdomsskulen på Finnøy, ein på vidaregåande på Tau pluss ei jente i barnehagen i Eidssund.

-Eg er åpen til forslaget, seier Lindanger.

-Den største gjekk alle sju åra på Ombo, og for han var overgangen til ein større skule og eit større miljø på Finnøy tøff. Nestemann let eg gå på Finnøy frå 5. klasse, og det har eg ikkje trega ein dag på. Og også han virkja til å ha funna seg godt til rette der, seier Lindanger.

Ho meiner det kan bli tungt å kjempa for å behalda alle klassane i barneskulen på Ombo.

-Kanskje er det betre å satsa på at dei minste går her. Dessutan kan det vera lettare å rekurttera kvalifiserte lærarar til ein mindre skule, i stden for fire, treng me bare to. Det er ei vanskeleg sak dette, men me må tenkja på barnas beste, seier Lindanger, som understrekar at ho for alt i verda ikkje vil mista skulen heilt på Ombo.

-Den betyr mykje for bygda, seier ho.