Grieg Seafood AS sin søknad om å få overta ei tomt på Judaberg er ikkje politisk behandla, men selskapet ber likevel om å få riva det eksisterande bygget. I ei søknad om rammeløyve frå byggmester Skjærsund AS skisserer Grieg kva dei vil ha på tomta:,

Nytt administrasjonsbygg der første etasje skal nyttast til kontrollbase for oppdretts-aktivitet på sjøanlegga med fjernstyrt fòring og overvaking. Utstyr til overvaking og styring krev ny teknologi, rom-løysingane i første etasje er difor underutforming/prosjektering. Andre etasje inneheld hovedinngang, kontoravdeling og møterom. Tredje etasje inneheld kantine. Bygging av veg med avkøyrsel frå FV 601 inn på tomta skal vera i tråd med reguleringsplan forområdet og det er i tillegg planlagt 10 parkeringsplassar