Tekst og foto:Jon Asgaut Flesjå

Både ordførar Henrik Halleland ,Kr.F, og fleire andre formannskapspolitikar tok store ord i sin munn, og har store visjonar for kva den nye sjukeheimen på Judaberg skal innehalda å bli til. I formannskapsmøte onsdag, diskuterte dei romløysinga og sjølve kostnadsoverslaget for dei 20 nye sjukeheimsplassane til ein pris som er rekna til 114 millionar. Målet er å gjera den nye sjukeheimen til ein open møteplass med mellom anna kafèdrift, tilbod om frisør, fotpleie, ergo- og fysioterapi og gjerne også andre helsetenester.