Elevane ifrå Finnøy gjorde det bra under finalen Ryfylkequizen i går, og enda på ein sterk 4. plass. F.v: Benjamin Eggebø, Sanne Lyse og Adele Moltu. Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken sat i salen og heia elevane fram.

FORSAND:

Det var åttandeklassingane Sondre Vadla, Ane Mosnes Mæland og Maren Laugaland frå Hjelmeland som gjekk seirande ut av finalen i Ryfylkequizen som gjekk av stabelen på Forsand kulturhus i går, onsdag. Dei scora 75 poeng av 77 moglege.,

Elevane frå Hjelmeland, Sauda og Tau kjempa tett om leiinga gjennom alle omgangane i superfinalen, men til slutt måtte Sauda og Tau innsjå at slaget var tapt, med knapp margin, til superlaget i frå Hjelmeland. Sauda enda på andreplass og fekk 72 poeng, medan elevane i frå Tau kom hakk ihel og fekk 71 poeng og tredjeplass.

I salen satt ordførarar og varaordførarar frå dei ulike ryfylkekommunane og heia elvane fram.

27 åttandeklassingar i frå ni forskjellige skular i Strand, Forsand, Hjelmeland, Suldal, Finnøy og Sauda, deltok i årets Ryfylkequiz.

Ryfylkquizen har blitt arrangert seks gonger tidlegare, og tre av desse har elevar i frå Hjelmeland vunne.