Hurtigbåtar på Judaberg. Både buss og båt blir brukt til skuleskyss.

STAVANGER:

Kolumbus la før påske fram tre alternative forslag til ruteopplegg for å spara penger, og kommunedirektøren i Stavanger går for det forslaget som vil gi den største innsparinga, alternativ 1.,

Det er bare dette forslaget som er i nærheten av å gi den innsparinga som må til viss fylkeskommunen skal kutta 40 millionar kroner i hurtigbåtrutene, meiner kommunedirektøren. Ifølge kommunedirektøren vil hurtigbåtaksjonen sitt forslag gi langt lågare innsparingar enn det som er kome fram i deira innspel. Dessutan er ein del av rutene som blir forslått ikkje mulig å gjennomføra tidsmessig, heiter det.

"Kommunedirektørens vurdering er at rutetilbud 1 gir et akseptabelt tilbud til de ikke

landfaste øyene. Det er viktig at med et godt kollektivtilbud til Stavanger sentrum som gjør,det attraktivt å bo på øyene", heiter det vidare.

Kommunedirektøren understrekar også at det er viktig at fylkeskommunen fylgjer opp startegien om nullutslepp frå hurtigbåtane, noko som er nødvendig for at Stavanger kommune skal nå sine klimamål. 30 prosent av klimautsleppa i Stavanger kjem frå båttrafikk.

Saka skal opp i formannskapet denne veka.