Fra venstre: Tor Kristian Gyland (Green Mountain), Alf Reime and Asbjørn Drengstig (Norwegian Lobster Farm)|Anlegget på Rennesøy er planlagt til å produsera fleire hundre tusen humrar i året.

Rennesøy:

- Etterspørselen etter hummar er kjempestor i både Norge og Europa. Idag importerer Norge mesteparten av hummaren frå USA, men med dette anlegget har me muligheten til å dekke store deler av det norske behovet, seier administrerende direktør Asbjørn Drengstig i Norwegian Lobster Farm AS til Øyposten.,

Anlegget resirkulerer kjølevatnet frå dataselskapet Green Mountain på Rennesøy. Kjølevatnet har ein temperatur på rundt 20 grader, perfekt for drifta av oppdrettet.

-Prosjektet har dermed ein stor økonomisk og miljømessig gevinst, seier Drengstig.

Ved å bruke spillvatnet frå Green Mountain-anlegget slepp Norwegian Lobster Farm å bruka ressursar på å drifta og kjøpe eigne energianlegg som varmer opp vatnet.

-Me har utarbeidd ein femårsplan og planlegg å tilsetja rundt 35 personar på Rennesøy-anlegget, helst lokale folk, seier Drengstig.

Norwegian Lobster Farm har også starta planlegginga av eit anna anlegg som skal byggjast på Kalberg i Time kommune på Jæren. Anlegget på Kalberg blei godkjent av Time kommune på tirsdag og skal produsera 1000 tonn hummar, 900 tonn meir enn anlegget på Rennesøy.

Asbjørn Drengstig er også optimistisk for korleis framtia vil sjå ut.

-Me har ikkje laga nokon eksakte planar om ekspansjon, men viss alt går etter planen vil me ha den muligheten, seier han optimistisk.