Ganske fuktig i Finnfast ved krysset til Talgje, og vatnet smakar salt.

FINNØY:

-Problemet med skuldast eit filter somn er for finmaska, slik at det blir tetta til av partiklar. Men me sender folk til tunnelen i dag som skal omprogrammera pumpene, slik at dei tek unna vatnet, opplyser byggeleiar Tor Skårland i Statens Vegvesen til Øyposten.,

-Bør folk vaska bilane sine etter å ha kjørt gjennom tunnelen?

-Dert trur eg ikkje. Sjølv om de kan vera snakk om sjøvatn som kjem inn, så vil det uansett vera små mengder, seier han.

-Kor lenge sidan er det at problemet oppstod?

-Det kan vera snakk om eit par veker. Det er fylkeskommunen som har ansvaret for tunnelen, og det er merkeleg at me ikkje har fått melding frå nokon om at det var problem der, før Øyposten tok kontakt, seier Tor Skårland.