Aktiviteten i Rennesøy Trafikk er enno på eit relativt bra nivå

Den store transportbedrifta med base på Aske, har mange av dei store oppdraga knyta til mellom anna dyretransporten i landbruket. Då primært for slakterisamvirket Nortura, men tidvis også i form av transport av tomatar i haustesesongen. -I tillegg driv me med inntransport av fiskekassar til bruk i oppdrettsnæringa, opplyser Torgersen frå sitt heimekontor.,-Så i det perspektivet er me relativt heldig stilt i vårt selskap, som er i ein såkalla førstelinjetjeneste og har eit viktig samfunnsoppdrag innanfor ei næring som driv med matproduksjon, påpeikar han.,

Dagleg leiar Torgersen, vil likevel ikkje utelukka at det kan bli permittering blant dei tilsette, og fortel at dei tilsette er varsla om situasjonen.