John Peter Hernes (h) vil ha nærare belyst retten til å byggja naust som ein del av "stadbunden" næring.

Eg har med interesse lest lesarinnlegga frå mine venner Jon Olav Runestad og parti og utvalgskollega Jarl Endre Egeland om næringsområdet på Talgje. Jon Olav rundar av med å invitere Jarl Endre med på ein kajakktur i den vakre Ryfylke naturen. No er sikkert min kollega rimelig godt kjend i vår lokale skjergard, men han setter jo alltid pris på turar på sjøen.,

Og her kan eg bidra. Som ivrig kajakkpadlar skal eg med glede låne dei ein stor og god dobbeltkajakk, så Runestad og Egeland kan få anledning til å praktisere koordinert padling i same båt. Eg har fanget opp rykte om at dei som oftast er godt koordinert når det kjem til felles fritidsaktiviteter som involverer god mat og drikke, så padling går sikkert også bra.

Vi er alle einige om at vi i heile nye Stavanger treng fleire arbeidsplasser i nye næringar. Etter olje- og gass, er havbruksnæringa vår største eksportnæring, og er sjølvsagt viktig å satse vidare på. Eg forstår også på utbygger at dei vil bygge ut eit område som er prega av kvalitet. Fleirtalet i utvalet for by- og samfunnsutvikling ønskje berre å få administrasjonen til å ta med desse måla skriftlig på ein måte som sikrar at det blir sånn.

Ein plan skal leve i mange år, og det kan til dømes bli eigarskifte i framtida. Difor er det viktig å vere skriftlig klåre, slik at det vi meiner i dag, også blir sånn om 5, 10 og 20 år. Inngrepa er og blir av varig karakter og vi folkevalte har ansvar, for at fordelane blir større enn ulempene. Det er dette fleirtalet i utvalet vil ha betre belyst. Representantane i utvalet for by- og samfunnsutvikling, og i neste. omgang kommunestyret, skal ha trygghet for at gode intensjonar også er sikra som bindande vedtak.

Så er det sjølvsagt irriterande for eit kommunedelsutvalg at det nestet organet som behandlar saka, gjør ting på ein annan måte enn det ein blei einige om lokalt. For meg som er frå Madla, så kan eg bekrefte at det spesielt i plansaker er sånn at dette skjer frå tid til annan. På Madla gjekk til døme eit einstemmig bydelsutval (det het bydelsutval då) mot å bygge leilegheiter i eit område prega av einebustader i Snorres gate. I den vidare behandlinga meinte både fagstyret og bystyret at det å gå mot det omsøkte prosjektet på Madla, ville gi ein urimelig forskjellsbehandling i forhold til korleis tilsvarande saker har blitt behandle andre steder i byen. I den aktuelle saka om høyhus i Knud Holmsgate 8 er det også sånn at fagstyret og kommunestyret har vedtatt noko anna enn kommunedelsutvalet for Eiganes og Våland.

Eg tenkjer at for innbyggarane i dei nye kommunedelane så er det eigentleg ikkje noko nytt i dette. Til dømes vil eg tro at ein på Talgje eller Kyrkjøy kan ha opplevd at kommunestyret for heile Finnøy, har vedtatt noko som ikkje var heilt slik dei ønska lokalt. Akkurat som vi på Madla har opplevd det.

Medlemmane i utval for by og samfunnsutvikling skal sette dei enkelte sakene inn i ein samanheng som strekker seg utover den enkelte kommunedelen. Til dømes i forhold til eit grønt rekneskap. Teke vi bort eit grønt areal eit stad så begrenser vi gjerne utviklingsmuligheitene eit anna stad. Eller vi må tilbakeføre eit anna areal til grønt. Grundig, ansvarlig og omsorgsfull saksbehandling påligg alle politiske organ.

Når ein er ueinige i sak, så skal ein sjølvsagt behandle kvarandre med respekt. Og så kan der vere raust rom for argumentasjon og skarp ordveksling, der en løfter fram eigne argumenter og eigne parti sin fortreffelighet. Men i heile nye Stavanger så er vi ikkje fleire enn det bur i ei middels kinesisk boligblokk, så det er viktig å ikkje la diskusjonar gå på person.

Til sist så er vi i same båt – eller skal vi seie  kajakk - og arbeider alle for dei beste løysningane, for vår bitte Lille del av verda.