Fleirbrukshallen på Judaberg vil nemleg få tildelt inntil kr.150 000,- for å gi idretten i Finnøy gratis leige av hallen for inneverande år. I tilleg vil dei under ordninga driftstilskot til private idrettsanlegg, også bli tilgodesett med kr.75 000,-.,-Bakgrunnen for dette er at Finnøy idrettslag har meldt inn eit leigebehov for 2020 som tilsvarer 150 000 kroner, opplyser idrettssjef Arne Tennfjord.,-I tillegg har me ein praksis med å gi støtte til private hallar som blir drivne av organisasjonar. Då har me i samråd med styreleiar for Fleirbrukshallen på Finnøy, Arild Flesjå, kome til at me for 2020 vil yta eit driftstilskot på 75 000 kroner.,Det er styreleiar Arild Flesjå, veldig godt tilfreds med. - Me skal no skifte ut alle lysa i hallen til leddlys. Så dette kjem godt med,og vil gjera drifta av hallen lettare, trur han.,Når det gjeld dei to idrettshallane på Vikevåg og Mosterøy som kommunen eig, så vil dei bli lagt inn under den vanlege drifta og tilsynet med idrettshallane i Stavanger.,

Støtte til dagleg leiar

På det overordna budsjettet for støtte til idretten i Stavanger, ligg det også inne ei ordning med ei subsidiering av administrative stillingar i idrettsklubbar. Morten Robberstad er i dag tilsett i ein

80 % stilling som dagleg leiar i Mastra, medan Ruben Eggebø er tilsett i ein 20 % stilling i Finnøy IL.,-Basert på størrelsen på tilskotssatsane til slike administrative stillingar frå 2019, som var på 103 000 kroner i full stilling, vil Mastra kunne få vel 82 000 kroner i støtte, medan Finnøy Il vil kunne få omlag 20 600 kroner, seier idrettssjef Tennfjord.,-Det er jo kjempeflott , seier dagleg leiar Robberstad då me presenterer han tala. Likevel må truleg idretten, samla sett, ibelaga seg på ein liten reduksjon i rein drifsstøtte til idrettslaga, ettersom den er redusert til kr124,50 per medlem i Nye Stavanger. I rennesøyidretten var det i 2019  registret 714 medlemer mellom 6 og 25 år, medan tilsvarande tal for Finnøy var på 417 medlemer. -I 2019 fekk Mastra tildelt 100 000 kroner i samla støtte frå Rennesøy kommune.,-Så lenge det samla sett ligg an til ein betydeleg auke, og ikkje nedgong, må me vera tilfreds, avluttar dagleg leiar Robberstad.

Uavklart med Leikvoll.

Om kort tid opnar det nye og flotte klubbhuset til Finnøy Il på Leikvoll. Det er idrettslaget som eig og driftar både dei to kunstgrasbanane og det nye klubbhuset til 10, 5 millionar kroner.

-Vil Stavanger kommune også kunne yta driftsstøtte til både nybygget og idrettsanlegget på Leikvoll?,-

Per i dag så har me ikkje fått noko henvendelse om dette, men det er klart at utifrå dei føringane som blir lagt til grunn elles for driftsstøtte til idrettsanlegg, så bør me gå i dialog med idrettslaget for å sjå på dette. Då kan det mellom anna vera aktuelt å få noko i støtte frå ein budsjettpost som me har kalla for «Anleggsstøtte  til privateigde anlegg».Golfbanen på Madla får ekesempelvis tilskot frå denne ordninga. Det same kan FIL sitt anlegg på Leikvoll få, seier Tennfjord .,-Og om laget ynskjer det, så kan me også sjå på eit opplegg der NIS, (Natur og Idrettsservice) tek over drifta av dei to kunstgrasbanane på Leikvoll. Men det må ein eventuelt koma tilbake til, avsluttar Tennfjord.,I kommunedirektøren si innstilling til vedtak, skal dei vedteken kutta i all hovudsak takast ved å fjerne ordninga med støtte til idrettsutveksling med Sverige og Danmark, og gjennom ein reduskjson i støtten til administrasjonen av idrettsrådet i Stavanger på 360 000 kroner.,Så blir det opp til politikarane i det nyvalte utvalget for "Kultur, idrett og samfunnskontakt" ,å avgjera om dei økonomiske rammene til idretten i Stavanger kommune skal reduserast frå 10,8 millionar kroner til 10,3 millionar, slik kommunedirektøren gjer framlegg om.,