- Eg forstår ikkje at dei ansvarlege for brannberedskapen på øyane tør å la vera å gjera noko. Vinteren kan komma kva tid som helst, og det finns ingen planar for å få brannvogna i hus, seier Håkon Eide på Ombo. Vassvognene er einaste brannberedskap på fleire av øyane.

Etter brannen for snart to år sidan er innbyggarane framleis merka av det som skjedde.

- Ja, brannen har sett sine spor, og me er naturlegvis meir på hogget. Det siste Rogaland brann og redning gjorde før dei reiste frå øya, var å lova oss fint brukt brannslukkingsutsyr og radioutsyr som me kunne ha her hjå oss. Det kom aldri. Eg tykkjer rett og slett det er ei skam at brannberedskapen ikkje blir teke på alvor på øyane. Eg har purra på kommunen om og om igjen, men ingenting skjer. Me må for all del ikkje risikera å komma i same situasjon som på Fogn då vatnet i brannvogna var frose den dagen eit bustadhus sto i full fyr.

Brannvogna står i dag på Bjerga under open himmel.

- Kommunen veit at me har tomt klar, og at me kan gjera mykje av byggearbeidet sjølve. Me har til og med lagt fram eit prisoverslag, men det er ingen respons å få. Det har blitt føreslått at brannvogna på Ombo kan vera beredskap for Nord-Hidle, men det nyttar ikkje så lenge me ikkje kan garantera for drifta.

I november søkte Joker Fogn kommunen om midlar til å setta opp eit eigna hus for brannvogna på butikken sitt område, og vil tilby kommunen ein kontrakt på 50 år, fortel Kristoffer Østhus. Dei har ikkje fått svar ennå.

Akkurat no står vogna på pakkeriet som ei midlertidig løysing.