Andrei Nordbø Akselrod bur på Finnøy, men vaks opp i Kyiv. Nå reiser han nedover mot grensa til Ukraina i kveld saman med Arvid Bjerga (t.v.), for å prøva å få med seg 12 kvinner og barn heim til Norge, som flyktar frå krigen i landet. Andrei har nære slektningar mellom flyktningane.

FINNØY:

Planen er å ta danskebåten i kveld, og kjøra rett til grensa mot Ukraina for å plukka opp flyktningane. 11 av dei bur i Kyiv, kor det kan ventast eit russisk stormløp for å ta byen kva tid som helst. Byen er alt blitt hardt ramma av krigshandlingar.,

Nøyaktig kor dei skal plukka opp flyktningane veit dei ikkje ennå. Det kjem an på kor dei kjem seg over grensa.

Totalt er det 12 personar som dei planlegg å henta heim til Norge, fem barn og sju kvinner, mellom dei ei bestemor. Finnøybuane Tolli Frestad og Hadle Austbø låner ut bilane sine heilt gratis, noko Andrei Nordbø Akselrod er svært takksam for. Det er ein sju-setar og ein åtte-setar.  Hadle Austbø har også lova å passa på sauene til Andrei, den tida han blir borte.

-Dette er eigentleg Andrei sitt ininitiativ. Søskenbarnet hans bur i Kyiv, ho er skilt og har tre barn, to tvillingar på seks og ei jente på ni. Ho har vore på besøk på Finnøy, og ho har to veninner som også spurte om å få vera med, opplyser Arvid Bjerga til Øyposten.

https://www.oyposten.no/2022/03/03/rysta-over-det-som-skjer-i-heimbyen-min-kyiv/

Den eine veninna har eit barn på 12 år, mens den andre ikkje har barn. Dessutan har bror til Andrei, som bur i Israel, ei klasseveninne med to barn på 16 og fire som også vil koma seg bort frå krigshandlingane i hovudstaden.

-Ho grein i telefonen til oss og bekymnra seg over at ho ikkje hadde pass. Det låg på jobben, og jobben var stengt. Bare reis, sa me, og det gjer ho nå, seier Bjerga.

Planen er å plukka opp flyktningane og kjøra dei til Norge over det nasjonale mottakssenteret i Råde i Østfold. Kva som skjer deretter er opp til UDI.

-Er planen å få dei til Finnøy?

-Me har veldig lyst til å få bruka boligane som Stavanger kommune har på Finnøy for flyktningar. Kommunen har fire boligar her. Dette blir det sjølvsagt opp til UDI å avgjera, men det er eit poeng at dei har tilknyting til staden, seier Arvid Bjerga.

Han legg til at familien stiller opp for å hjelpa økonomisk, men er glad for alle som vil hjelpa til.

-Me treng mat under vegs, ferjebillettar og drivstoff. Alt det kostar pengar, seier Arvid Bjerga.

Andrei Nordbø Akselrod er fødd i Kyiv, og bur nå på Finnøy, mens Arvid Bjerga har budd i den ukarinske hovudstaden.