Helgøysund kjempar nok ein gong heilt i teten om å bli landets mest foretrukne gjestehavn.

FINNØY:

Skartveit gjestehavn på Halsnøy vann prisen i 2014. I år er dei nominert, men gjekk ikkje heilt til finalen.,

Helgøysund marina har vore nominert til prisen fleire gonger.

Totalt er 16 gjestehavner rundt om i landet nominert til den gjeve prisen. Seks av dei som har blitt nominert flest gonger har gått vidare til finaleavstemming.

Det er Båtmagasinet som kvart år kårer årets gjestehavn

Fram til 6. mai kan du vera med å stemma fram vinnaren. Gå inn på batmagasinet.no. Vinnaren vert kåra 1. juni og får diplom, flagg, heider og ære.

Kåringa av Årets Gjestehavn er basert på båtfolket sin opplevingar og preferansar. Det er ikkje ein klassifisering etter formelle krav, men gjestehavnene som vert føreslått vil likevel bli vurdert mot nokre grunnleggande kriterium før den blir nominert.

Dette er dei seks finalistane i årets kåring:

- Helgøysund marina

- Våge Hamn

- Horten gjestehavn

- Husnes gjestehavn

- Mandal gjestehavn

- Oscarborg gjestehavn