Jan Erik Asbjørnsen er ein av dei som har etablert seg i det tidlegare kommunehuset i Vikevåg.

RENNESØY: Blant dei som har flytta inn er Asbjørnsen regnskap og rådgivning, som held til i andre etasje i bygget.,

-Me flytta inn for eit par år sidan, etter at me starta for oss sjølv på Rennesøy, seier Jan Erik Asbjørnsen til Øyposten. Han og kona dreiv begge i rekneskaps og revisjonsbransjen på bylandet, før dei fann ut at dei ville etablera seg på Rennesøy.

I staden for å ha kontor heime på garden på Galta, etablerte dei kontoret i det tidlegare kommunehuset.

Går tregt

-Det er greie lokaler, sentralt plassert, seier Asbjørnsen om lokalitetane.

Han synes likevel kommunen er litt vel treig på avtrekkaren for å leggja forholda til rette for bedrifter som vil inn bygget.

Kommunehuset i Vikevåg.

-Det er ikkje internett, og først fekk me beskjed om å ordna det sjølv. Men nå har dei lova å ordna det i løpet av andre kvartal. Eg kan ikkje skjøna anna enn at det kunne vore ordna på ein dag, fiber er det her, seier han.

-Er det dyrt på leiga her?

-Det veit eg heller ikkje, for eg har ikkje fått nokon kontrakt ennå. Det skulle kommunen ordna i tredje kvartal, er blitt meg fortalt, seier Asbjørnsen, som er litt «øvegidde» over responsen i kommunen.

Håpar på fleire

-Dei har sagt at dei ynskjer fleire småbedrifter inn her, men då må dei gjera noko for det. Det er mange mindre virksomheter i kommunedelen, som eg trur kunne vera aktuelle til å flytta inn hit, seier han.

I tillegg til Asbjørnsen regnskap og rådgiving, har også HK Tools, som driv med netthandel og salg av verktøy,  Happy Hikers, også eit netthandelbedrift som forhandlar friluftsutstyr, Øyposten, Suzannas lille systue og Mæland-Service AS, som driv innan konsulenttenestar, service og vedlikehald flytta inn.

-Når det er andre her, tek me gjerne ein kopp kaffi saman eller lunsj, seier Jan Erik Asbjørnsen, som håpar på meir aktivitet i kommunehuset framover.