Edgar J. Paulsen på scena i bedehuset Emmaus på Finnøy, med fullsett sal framfor seg.|||Målfri Ladstein Berge (t.v.) og Bjørg Steen løyser bilettar til konserten av Endre Vastveit.|Edgar J. Paulsen og kona Martha har turnert land og strand rundt med Johnny Cash og Jim Reeves på repertoaret i 30 år.|Ordførar Kari Nessa Nordtun får kritikk frå brevskrivaren.||Kåre og Malene Vestbø frå Finnøy ventar forventningsfulle på at konserten skal begynne. Til høgre sit Grete Meling frå Talgje.

FINNØY:

Den djupe, dirrande bassrøysta til Paulsen, og dei syngjande strengene på 12-strengers gitaren og dei mjuke tonane frå munnspelet, var meir enn nok til å føra forsamlinga tilbake til «hine hårde dage» på 60-talet, då Reeves og Cash var den tidas superstjerner.,

Konserten med Edgar J. Paulsen var åpninga på festveka til bedehusa på Finnøy, og samla omtrent fullt hus. Det var sett fram eit 100-tals stolar, og då Paulsen gjekk på scena sat det folk på dei fleste av dei.

Kåre og Malene Vestbø frå Finnøy ventar forventningsfulle på at konserten skal begynne. Til høgre sit Grete Meling frå Talgje. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Det vil vera feil å seia at det var eit ynge publikum i salen, for dei aller fleste hadde nådd «sølvtone-alderen».  Etter det Øyposten kunne registrera var det tilreisande både frå Talgje og Halsnøy under konserten pluss godt med finnøyfolk.

Har Cash på kassett

Mellom dei som hadde tatt turen til Emmaus, var Kåre og Malene Vestbø frå Finnøy.

Kåre Vestbø har både nokre kassettar av Johnny Cash og plater av Jim Reeves heime.

-Me vaks opp i den tida då dei var på topp, seier Vestbø til Øyposten.

-Dei stod vel på repertoaret på dansane på Tippen?

-Ja, det gjorde dei nok, sjølv om eg ikkje fekk høyra så mykje på kva dei spelte der. For eg kjørte drosje på den tida, seier han. Etter konserten vil Øyposten høyra om songaren oppfylte forventningane.

-Det var ein flott kveld, kvitterer Kåre Vestbø.

Best på Cash

Konserten var delt i to, kor første del var via «the man i black» Johny Cash, og den andre delen til Jim Reeves. Paulsen serverte ei blanding av religøse og kommersielle songar frå begge, med svisker som «I love you because», «Distant Drums» og «Danny Boy» frå Jim Reeves. «Flesh and Blood», «A Singer of Songs» og «Welcome back Jesus» frå Cash, pluss «He Turned the Water into Wine» frå Cash sin berømte San Quentin-konsert.

Målfri Ladstein Berge (t.v.) og Bjørg Steen løyser bilettar til konserten av Endre Vastveit. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Den malmfulle røysta kom aller best til sin rett i tolkinga av Johnny Cash. Også songane til Jim Reeves stod seg godt, men nådde likevel ikkje heilt opp til songarar som t.d. Bjøro Håland.

Edgar J. Paulsen vaks opp i fiskeværet Sula i Trøndelag, «ytterste på kanten» av verda, som han seier, og kjenner seg ikkje så lite i slekt med det enkle livet  som både Johnny Cash og Jim Reeves vaks opp under. Begge var bondegutar.

Edgar J. Paulsen har turnert med dei to på repertoaret i 30 år i kyrkjer og forsamlingshus over heile landet, saman med kona Martha, som også var med til Finnøy måndag. Paulsen har vore på Finnøy to gonger før, «i ferjetida», og har mellom anna hatt konsert i Hesby-kyrkja.

-Eg vil gjerne formidla litt av livets mysterier gjennom songane mine, seier Paulsen til Øyposten.

Edgar J. Paulsen og kona Martha har turnert land og strand rundt med Johnny Cash og Jim Reeves på repertoaret i 30 år. Foto: FOTO: Rune Nedrebø