Berge Furre (Foto: Stortingsarkivet)

POLITIKK: Mykje vatn har runne i havet sidan den gong. Nå er ein 17.mai-talar frå det revolusjonære partiet Rødt stoverein på Finnøy. Det er likevel artig å kikka tilbake på det som skjedde for 45 år sidan, på andre sida av fjorden, i Fister-bygda.,

SV'aren Berge Furre sat på Stortinget, og i 1975 hadde han losa opptrappingsvedtaket gjennom i Stortinget som leiar av landbrukskomiteen. Bønder skulle heretter tena like mykje som industriarbeidarar, noko som ga ei blømingstid for landbruket og bygdene.

Nå var han invitert for å halda 17. mai-talet i Fister, men det gjekk ikkje smertefritt. 17. mai-komitéen sprakk, og to av medlemmene trekte seg i protest. Aftenbladet omtalte saka på førstesida, og på leiarplass. Og konklusjonen til avisa var at folk ikkje trong vera enig med talaren, dei kunne gjera seg opp sine eigne meiningar.

Men trass i kontroversane kom Furre til Fister, held talen sin og samla mykje folk, meir enn vanleg på eit 17. mai-arrangement, ifølge referatet i Aftenbladet. I avisa kunne folk lesa at 17. mai blei feira på Hjelmeland med fint vær og god oppslutning heile dagen.

"Den eventuelle spenninga som 17.mai-nemnda må ha levd i med omsyn til frammøte då toget skulle starta, blei snart utløyst då det viste seg å vera berre meir folk enn vanleg til stades då den omstridte 17. mai-talaren Berge Furre tok ordet ved ungdomsskulen", stod det å lesa i Aftenbladet.

Furre nytta talen til å dra dei historiske linene tilbake til det som skjedde 1814, som han omtalte som historia om eit folk som ville vera med å styra seg sjølv, og ikkje overlata styringa til dei store og mektige.