Gudmund Rørheim gir seg i Øyposten, og er klar for nye oppgaver på Stavanger Universitetssjukehus.

Av Rune Nedrebø,

FINNØY: Rørheim har hatt ein finger med i spelet i mykje av det som hare foregått i Øyposten. Han har snekra saman papiravisa, hjelpt folk som ikkje kjem seg inn på nettet, halde orden på fakturaer og abonnentar og laga annonsar og grafisk design for både store og små annonsørar.

-Det blir litt rart å slutta, det har vore ei veldig kjekk tid. Både kjekke kollegar og hyggelege kundar. Finnøy er ein utroleg kjekk plass, seier Rørheim til Øyposten.

For mange av Øyposten sine lesarar har Rørheim vore eit viktig kontaktpunkt i avisa. Viss dei skal få laga ei fødselsdagsannonse i avisa,  eller reklamera for ein basar eller eit møte, er det Gudmund dei går til. Der er dei blitt tatt godt imot, av mister «sørvis» personleg.

Ny type jobb

Før han kom til Øyposten, jobba Rørheim mellom anna i Sandnesposten. Nå går han vidare til stillinga grafisk webdesigner og digital pedagog i det nyoppretta nasjonale nettverket for simuleringstrening på Stavanger Universittetssjukehus.

-Eg kjenn er eg både gledar meg, men er også spent, for dette er noko heilt nytt som det ikkje finst maken til i landet, seier han.

At Gudmund Rørheim varsla at han var på veg ut av Øyposten, sette også fart i Schibsted, medieselskapet som i fjor kjøpte Øyposten og avleggjaren Randaberg 24.

Nå set selskapet alle klutar til for å oppgradera både Øyposten og Randaberg 24 både når det gjeld nettavis og papiravisa.

Får ei betre avis

-Eg trur det kjem til å bli veldig bra, for det arbeidsverktøyet me brukar i Øyposten og Randaberg 24 nå er det billegaste på marknaden. Systema våre er også av den gamle typen som inneberer ein god del «manuelt» arbeid i ein kvardag der det eigenleg er meir automatikk, noko som til tider har skapa frustrasjon. Det viser seg mellom anna i at mange klagar på at dei ikkje kjem inn i dei to nettavisene, seier Rørheim.

Han ser for seg at både Øyposten og Randaberg 24 i framtida vil kunna tilby lesarane eit heil anna produkt både på nett og papir.

-Men det kan bli litt utfordring i overgangen, for alt er ikkje heilt på plass ennå frå Sachibsted si side. Men viss lesarane har litt tålmodighet med oss, er eg overbevist om at dei vil ha mykje igjen for det, meiner han.

-Kven skal nå ta seg av «Det skjer» og småannonsene?

-Før alt er på plass, noko det forhåppentlegvis er før sommaren, må folk senda det inn som vanleg på mailadressa. «detteskjer@oyposten.no» eller til «annonsar@oyposten.no». Så skal det bli tatt hys på. Schibsted kjem også med god og forklarande informasjon når den tid kjem, seier Gudmund Rørheim.