Kystverket førebur seg på ein rekordsesong for cruisetrafikk langs norskekysten.|Havnedirektør Magne Fjell.

,STAVANGER: -Krigen i Ukraina har gjort at St. Petersburg og Svartehavet har ramla ut som mål for cruiseturistar. For mange er dermed Norge eit alternativt mål, og både Oslo og Kristiansand har fått auka pågang, mens Stavanger har måtta seia nei til ein del skip på grunn av taket somer sett på anløp i Vågen, seier havnedirektør Magne Fjell til Øyposten.,Kystverket melder om ein oppgang på heile 40 prosent i forhold til toppåret 2019 i cruiseanløp, noko som ligg an til å bli "all time high" for bransjen. Havnedirektør Magne Fjell. FOTO: Randaberg kommune

Rødne-rederiet, som er blant dei viktige aktørane når det gjeld å betjena cruisetrafikken, reknar likevel ikkje med noko auka aktivitet for selskapet på grunn av restriksjonane på cruisetrafikken. Det er det politiske fleirtalet i Stavanger som har sett tak på antall anløp i Vågen til 200 skip.

Ifølge Fjell vil cruisetrafikken til Stavanger likevel vera tilbake på 2019 nivå i år, også for Stavanger, noko som var eit rekordår.

-Me har omdirrigert nokre skip til Mekjarvik og Sandnes, legg han til.

Havnedirektøren opplever han likevel eit stemningsskifte når det gjeld cruisetrafikken.

-Folk er glade for å sjå at cruiseskipa er tilbake. Dessutan er mange av dei gamle cruiseskipa blitt skrota. Dei nye går på naturgass, noko som har redusert forureininga betydeleg. Stavanger har eit veldig godt omdømme som cruisehavn, og det er viktig at me ikkje blir oppfatta som ei nei-havn, seier Fjell vidare.

Han meiner ei betre løysing enn eit tak på 200 skip, vil vera å ha eit tak på daglege cruisepassasjerar.

-Eit tak på 9000 passasjerar er noko også næringa ynskjer. Det gjer at me unngår for mange passasjerar på ein gong, noko som også er uheldig, seier Fjell, som legg til at etter hans oppfatnming er ikkje spørsmålet om tak på anløp i Vågen landa ennå.

-Me forheld oss til dei politiske signala, men dette er noko me jobbar vidare med. Til dømes har Bergen mjuka opp reglane, så vidt eg forstår, seier Magne Fjell, som før han blei havnedirektør, har vore rådmann i både Kvitsøy, Rennesøy og Randaberg.