Grågåsjakta blir utvida med 20 dagar

Frå og med 21. juli har det vore lov å jakta på grås. Det er dei store problemene for bøndene med kraftig auke i grågåsbestanden som gjer at jakta nå blir utvida med 20 dagar.

  • Rune Nedrebø
Publisert:
Grågåsjakta blir utvida.

FINNØY: Men det er likevel begrensningar, opplyser landbrukssjef Geir Helge Rygg til Øyposten.

Det var bare lov å skyta grås i lufta over «aktivt drevne innmarksarealer» dei første fem dagane. Å skyta fuglar på bakken blir først lov frå tysdag av, denne veka. Dessutan er det bare lov å skyta grågås mellom klokka 16.00 −22.00.

-Dette er gjort for å ha ei viss avgrensing av jakta, opplyser Rygg.

Det er lov å jakta på gjødsla beite og inntil 30 meter frå dette.

Stavanger komune skal nå laga ein forvaltingsplan for grågås. Ifølge landets fremste grågåsforskar, Arne Follestad, har bestanden av grågås auka kraftig dei siste 30–40 åra.

-Kor mykje grågås det er i dag er like vel vanskeleg å fastslå. Men det er viktig å få til ein forståelse av kva tiltak som må til. Det nyttar til dømes ikkje å skræma grågåsa. Då flyg ho bare over til naboen, seier Follestad til Øyposten.