På sykkeltur i øyane for å sjekka lokalt næringsliv

Delar av næringsvdelinga i kommunen nytta finvêret til å ta seg ein jobb-tur i Sjernarøy.

Business and pleasure for turgjengen frå næringsvadelinga i kommunen. F.v: Kristina Renberg, Tom Kjelldsen, Anne Woie og matros Karstein Anvik.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

SJERNARØY: - Dette er den kjekkaste delen av jobben, smiler leiar Anne Woie.

Turgjengen frå næringsavdelinga er sportsleg antrekt med sykkelhjelm og raske solbriller når dei er innom redaksjonen tysdag morgon.

Turistutvikling

Ein kjapp kaffikopp har dei tid til før turen fortsett med ferja til Helgøysund.

– Dette er ein glimrande anledning for oss i byen til å bli betre kjent med næringslivet på øyane i kommunen. Me har allereie vore runden på Finnøy men det gjenstår framleis fleire øyar, fortel Woie, og held fram:

-Tenk så heldige me er som fekk dette vêret, alt blir jo enklare og kjekkare når det er slik. I tillegg til avtalane som er gjort på førehand, skal skal me ta oss tid til å snakka med folk me møter undervegs. Heilt utan ein agenda, berre drøsa om laust og fast. Eller forresten, me skal ha turistnæring/utvikling i bakhovudet. Me veit området byr på mange moglegheiter som det kan bli spennande å sjå nærmare på.

Lunsjen er planlagd på Ramsvig på Kyrkjøy.