Tre gonger på ein månad har det vore hærverk i barnehagen

Tre gonger på ein månad har uteområdet i Utsyn barnehage på Finnøy blitt utsett for hærverk.

Styrar i Utsyn barnehage, Merete Edland Skibenes med restene etter leiker som er sett fyr på. Hjulet av ein øydelagt leiketraktor viser i sanden, som leikene har smelta i.
  • Oddbjørg Måland
Publisert:

FINNØY: Hærverket er så omfattande at forholda er meldt til politiet.

Tydeleg teiken etter smelta leiker i gapahuken på Utsyn.

– Dette går ikkje lenger. Dei som gjer dette øydelegg uteleikene ved å brenna dei, eller smelta dei til dei ikkje lenger kan brukast.

Bålpanna og stolane er blitt kasta over gjerdet og ned mot sjøen. Me er svært interessert i å vita om nokon har sett eller høyrt, eller veit noko som helst om herjingane. Den eine gongen blei det observert to ungdommar som kan knytast til hendingane, seier styrar i barnehagen, Merete Edland Skibenes.

– Eg tykkjer det er trist for borna at fleire uteleiker har blitt øydelagt, men me er likevel mest bekymra for brann i området, seier styraren i Utsyn barnehage.

Øyposten er kjent med at også andre oppvekstsenter/barnehagar i området er utsett for hærverk.

Beina til bålpanna og gnistfangaren er kasta over gjerdet og ned i buskaset nedanfor barnehagen.