Rogaland fylkesting vedtok tysdag med 27 (H, Frp, KrF og Venstre) mot 20 stemmer å gjeninnføre betaling på ferjene.

Her er vedtaket:

  • AutoPASS-regulativet med tilhørende takster og rabatter samt automatisk skiltavlesnings-løsning innføres på fylkets ferjesamband som i dag er gratis.

  • I Vassøysambandet, Finnøysambandet og Ryfylkesambandet settes takstene ned med tre soner i forhold til opprinnelige soner. I Kvitsøy- og Utsirasambandet settes takstene ned med syv soner. Med Autopass-rabatt blir det da 41,- for Kvitsøy-sambandet for fossilt drivstoff. For Utsira-sambandet med Autopass-avtale blir det 76,-.

  • Innføring av betaling settes i verk så raskt som mulig, og senest 1. april 2024.

  • Eventuell manglende inndekning i 2024 behandles i revidert budsjett.

I tillegg vedtok fylkestinget einstemmig:

«Fylkestinget ber fylkesordfører å ta initiativ ovenfor Statens vegvesen å endre AutoPASS-ordningen slik at beløpet for forskuddsbetaling reduseres ytterligere.»

Vedtaket kom etter ein lang debatt. Opposisjonen håpa i det lengste å snu KrF, som tidlegare har vore positive til gratis ferje, men det gjekk ikkje.

Fleirtalet viste til at Rogaland har fått mindre pengar frå staten, og at moderat betaling på ferjene er naudsynt for å hinder andre kutt til dømes i hurtigbåt- og busstilbodet.

I det som blei eit slags «blame game» sa Erlend Jordal frå Høgre det slik:

– Kvifor kan ikkje Arbeidarpartiet og Senterpartiet vere ærlege på at Rogaland får mindre i overføring fordi regjeringa treng pengar til å splitte opp fylker andre stader i landet?