Hobbit-hyttene på Finnøy fekk tommelen ned

Planane om å byggja 68 jordhytter på Falkasete på Finnøy var eit av dei få forslaga som gjekk gjennom i arealplanen til kommunen.

Eksempel på hobbit-hytter, slik dei kunne blitt på Finnøy.
Publisert:

STAVANGER: Men nå blir det ikkje noko av likevel, i denne omgang.

Statsforvaltaren og fylkeskommunen har innvendingar mot planane, og peikar på at det er snakk om eit samanhengande jordbruksområde som ikkje bør byggjast ut.

Høyres John Peter Hernes var blant dei som var entusiastisk til planane på Finnøy, men etter innsigelsane innsåg han at det ikkje var fornuftig å ta ein omkamp om dette, opplyste han i kommunalutvalet. Utvalet beslutta å ta ut hyttene til Dickinson.

Planen var å byggja Hobbit-hytter på Finnøy. For alle som lurer på kva det er, er det bare å ta ein kikk på filmane «Ringenes herre» eller «Hobbiten».

Stephan Dickinson seier i ein kommentar etter vedtaket at slike planar ikkje er gjort over natta.

– Det er planar som me får til, og andre som me ikkje får til. Men det gjeld å ikkje gi seg, seier han.

Henrik Halleland (krf) rår også Dickinson til å prøva seg igjen.

-Oppover kysten er det laga mange artige hytter, både i tretoppar og hytter som balanserer på ett bein i Forsand. Slik eg har tolka planane til Stephan har han ikkje tenkt på eit ordinært hyttefelt.

Det kunne difor vore spennande å prøvd å fått til eit slikt prosjekt som han antyder på Finnøy, kor det går an å fortsatt beita og behalda området som LNF, sjølv om byttene blir bygd. Kanskje er det mulig å få planane gjennom som ein dispensasjonssøknad, seier Halleland.