Bestanden av oter på veg opp i Ryfylke
Oterbestanden er på veg opp i Ryfylke, spesielt i Sjernarøyane, opplyser naturforvaltar i Stavanger kommune, Vegard Ankarstrand.
FINNØY: -Det er gledeleg at oteren er tilbake, seier Ankarstrand til Øyposten.
Ifylgje viltforvaltaren blei det drive intens jakt på oter heilt fram til 80-talet, med den fylgje at dyret blei nesten utrydda i Sør-Norge. Men nå er han tilbake. I Hordaland har det vore ein talrik bestand, og også på Haugalandet har det vore oter.
-Nå har han kryssa Boknafjorden, og då ligg Sjernarøyane rett i løypa, opplyser Ankarstrand.
-Er oteren eit skadedyr, på same måten som minken?
-Nei, på ingen måte. Oteren lever først og fremst av fisk og krepsdyr. Det er eit stort pluss for naturmangfaldet at han har kome tilbake, slår Ankarestrand fast.
Tilpassa eit liv i vatnet
Oteren er godt tilpassa eit liv i vatnet, og der detr er oter held minken seg unna. Den har ein langstrekt og straumlinjeforma kropp, ein tjukk og vatnavstøytande og isolerande pels og symjehud mellom tærne. Fargen på pelsen er mørk brungrå med ei lysare underside.
Oteren har i praksis vore borte frå Ryfylke i nesten hundre år. Etter utstrekt jakt var oteren nesten utrydda i Norge før han blei freda i 1982.
Deretter har bestanden sakte bygdt seg opp. Nordnorge har hatt ein stor bestand av oter i mange år, og arten har gradvis etablert seg sørover langs kysten. Den har vore talrik i Hordaland i mange år, og ein del dyr omkring Haugalandet. Men det har verka som om arten har brukt lang tid til å etablera seg sør for Boknafjorden. Dei siste to åra har det kome fleire observasjonar frå Ryfylke, mellom anna ein påkjørt oter på Tjul i Sjernarøyane før jul, og nå ein ved Hillevågsvatnet.
-Me veit at arten opptrer diskret under etablering, og det er først nå det er mykje dyr den blir vanleg å sjå, opplyser Ankarstrand vidare.
Lever av fisk og krabbe
Matvanane til oterens matvaner kjem an på leveområdet, men fisk står øvst på menyen, fylgd av krabbe, kreps og frosk. Oteren kan også spise fugl og smågnagarar.
-Dyret er ein fantastisk symjar, tilpassa eit liv i vatnet kor han fangar maten. Oteren kan halda pusten i opptil fem minuttar, sjølv om det vanlegaste er dykk mellom 30 sekundar og eit minutt, held Ankarstrand fram.
Oteren blir ikkje rekna for å vera særleg sosial, og regnes ikke for å være spesielt sosial, og er mykje åleine. Oteren har få naturlege fiendar. Det er menneskeleg aktivitet som bidreg til størst dødelighet gjennom jakt og fangst, fiskegarn og særleg torskeruser og påkjørslar.
-Me får påfallende mange rapporter om påkjørte dyr og dyr fanga i torskeruser,, seier Vegard Ankarstrand, som oppfordrar folk til å rapportera til kommunen viss dei ser oter.