Sterk minnestund på eitt-årsdagen for invasjonen
Ukrainske flyktningar og arbeidarar på Finnøy og Talgje samla seg på Innbyggartorget på Judaberg og tende lys, skreiv ned sine bøner og las «Fadervår» på ukrainsk.
FINNØY: Det blei ei sterk minnestund på eitt-årsdagen for den russiske invasjonen av Ukraina.
Minnestunda blei leia av diakon i Finnøy-kyrkja, Ingvild Angelsgård Moen saman med ukrainske Oleksandra Savchuk. Tonane frå antikrigssongen «Brothers in Arms», framført av Emma Steinbakken, fylte det vesle møterommet.
Før dei samla seg til minnestunda blei det servert suppe, brød og drikke til dei 20-tals ukrainarane som hadde møtt fram.
Blant dei som møtte var ektepara Vadym og Maryna og Anna og Diniytro, som alle jobbar i Skavland gartneri på Talgje. Diniytro og Anna kom til Talgje for bare nokre dagar sidan, medan dei andre har vore der i eit par år.
Sjølv om det er forbudt for alle frå 18–60 år å forlata landet, fekk Diniytro like vel reisa på grunn av ei ryggskade. Han viser ivrig fram bilete frå heimbyen sin, litt nord for Odesa. Det er bilete av øydelagde bygningar og granatnedslag.
-Heile nabolaget mitt er øydelagd, seier han til Øyposten.
-Det er korkje elektrisistitet eller vatn, folk frys, fell dei andre inn.
-Det er bare ein som kan avlutta denne krigen, og han bur i Moskva, seier Vadym.
Pengane dei tener på Talgje, set dei i stand til å hjelpa familie og vener i heimlandet. Vadym og Maryna har mista to nære vener i krigen. Ein i august og ein i spetember.
-Kona til den eine fødde deira barn for to veker sidan, men barnet må veksa opp utan far. Det er trist, seier dei.
Diniytro trur det vil gå mange, mange år før ukrainarar og russarar kjem på talefot igjen.
-Krigen har splitta oss, seier han.
-Putin er ein krigersk president, slår Vadym fast, men både han og kona Maryna vil tilbake til Ukraina så snart krigen er over. Diniytro er meir usikker.
Liliya Hetman er frå Kyiv. Den skjebnetunge dagen for eit år sidan vakna ho klokka fire om morgonen av lyden av fly. Ikkje lenge etterpå kom dei første eksplosjonane.
Ho kom til Finnøy i juli i fjor, saman med dei to små borna sine, Saja på fire og Misja på eitt år. Søstera Julia Didenko bur også på øya. Både mannen og broren til søstrene er innrullert i militæret.
-Eg saknar mannen min voldsomt, seier Lilya stille.