Pur glede då 17. mai-toget i Vikevåg passerte

Det var tjukt med folk rundt «Coop’en» i Vikevåg då 17.mai-toget marsjerte forbi. Nokre heia ekstra på toget då det gjekk forbi.

Hanne Lohne Morken (t.v.) og Svanhild Lohne helsar entusiastisk toget i Vikevåg.
Publisert:

RENNESØY: Svanhild Lohne og Hanne Lohne Morken vifta entusiastisk med flagg då toget passerte huset deira.

I Vikevågveien hadde dei panormautsikt til toget frå altanen.

I toget gjekk også lærar Grete Elin Corneliussen frå Vikevåg skule.

–Me likar å skapa stemning, og ha litt lått og løye, seier ho til Øyposten.

Søskenparet Christer og Mette Norheim var blant dei som stilte seg tidleg opp for å venta på toget i Vikevåg.

Lærar Grete Elin Corneliussen på Vikevåg skule heldt liv i toget.- Me likar lått og løye, seier ho.

-Eg flytta til Rennesøy for to år sidan, og likar meg kjempegodt, seier Mette Norheim, som er frå Stavanger.

Nå gledar ho seg til å gå i toget, og ikkje minst smaka på den knallgode lapskausen og alle kakene i Vikevåg skule. Begge er utstyrt med flagg og minitrompetar, klar for å feira nasjonaldagen.

Toget enda på sjukeheimen kor nesatleiaren i 17. mai-komiteen, Jøran Austbø, overrekte blomster til sjukeheimen.

Det var Linda Christin Finjord som tok i mot blomsterbuketten.

-Eg har bare jobba her ei kort stund, men det var veldig kjekt å motta blomstene, seier ho, som også er imponert over kor mange som gjekk i toget.

Søskenparet Christer og Mette Norheim stilte seg tidleg opp i Vikevåg for å venta på toget, utstyrt med minitrompetar og flagg.
Toget passerer gjennom Vikevåg.
Stivpynta båtar i Vikevåg.
Vikevåg barnehage var med i toget.
Skulekorpset sørga for fin musikk for dagen.
-Gratulerer med dagen oldemor, ynkjer Thomas Madland til oldemor si, Herdis Antoni Bjerke, som bur på sjukeheimen i Vikevåg.
Sjukepleiar Linda Christin Finjord mottek blomar på vegne av sjukeheimen av nestleiar i 17. mai-komiteen, Jøran Austbø.
Flaggborga passerer blomstersmykka hagar i Vikevåg.
Bjørkekrans i håret høyrer med på 17. mai.