Ryfylkequizen: Nå er dei på veg til Sauda

Laget frå Finnøy består av Noah Østhus, Maren Spanne og Marie Reilstad. Torsdag klokka 12.00 skal dei i elden og kjempa om sigeren.

Siste innspurt for laget frå Finnøy, Marie Reilstad og Maren Spanne. Tredjemann på laget, Noah Østhus, er allereie om bord på båten.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

Ryfylkealliansen sender direkte frå finalen (sjå link nederst i saka).

– Me satsar på ein topp-tre plassering, seier Noah Østhus som Øyposten møter på hurtigbåten frå Fogn torsdag morgon.

På Judaberg kjem dei to andre finalistane på laget om bord, og fortsett turen saman til Sauda.

Det blir heldigvis tid til litt pugging på den snautt to timar lange båtturen innover.

– Me har konsentrert oss om to kommunar kvar, eg har lest meg opp på Sauda og Hjelmeland, fortel Noah.

Laget frå Finnøy er eitt av ni lag i finalen i årets utgåve av Ryfylkequizen. Arrangøren lokkar med heider og ære og solide pengepremiar frå Hjelmeland Sparebank.

FØLG FINALEN HER DIREKTE FRÅ KLOKKA 12.00