Gjenbruken hadde 20 prosent vekst i omsetninga i haust

NLM Gjenbruken i Vikevåg hadde ein formidabel vekst i omsetninga i haust. Butikkleiar Øystein Eggebø anslår veksten til 20 prosent.

Det er mykje rart å finna i skattekammeret på Gjenbruken, slik som denne «Rennesøyklokka», med motiv frå Meieriet, bedehuset og Sørbø-kyrkja.
Publisert: Publisert:

RENNESØY: -Det skuldast kanskje NRK-programmet «Symesterskapet», seier Eggebø til Øyposten.

-Det er først og fremst klær kor omsetninga har auka. Dessutan er gjenbruk ein trend i tida. Hos oss kan du kjøpa fargerike klær for 30–40 kroner, og sy det om til noko heilt anna, legg han til.

Då Øyposten var innom var det full aktivitet med å rydda bort jula i butikken. Nå er det tilbake til normalen, og nye varer kjem stadig inn til den populære butikken på Rennesøy.

Lodd som dette er ikkje i vanleg bruk i dag.
Ein minidregg er også blant sortimentet i Gjenrbuken.