STAVANGER: Kommune skal ta i bruk den nasjonale fellesløysinga e-innsyn.

Frå 31. januar forsvinn dagens løysing som heiter Public Journal (offentleg journal) og OpenGov for politiske møte. Desse blir erstatta av e-innsyn.

E-innsyn er utvikla av Digitaliseringsdirektoratet for offentleg sektor. Målet er å samla innsyn i dokument frå stat, fylke og kommunar i éin og same løysning. Dette kan bidra til meir openheit og innsyn i forvaltninga, og gjera det lettare for innbyggarane å finna informasjon om offentleg saksbehandling.

Enklare handtering

På e-innsyn vil kommunen legga ut offentleg journal og politiske møtedokument. Dette gjer dei for å samla alt på ein stad. Som brukar vil du kunne søka fritt, og be om innsyn i dokument som ikkje er publisert i fulltekst, anonymt og kostnadsfritt.

Overgangen til e-innsyn vil ikkje få konsekvensar for emeetings, men opengov og dagens løysing vert fasa ut 1. februar. Alle lenker til saker og møter som ligg i dei gamle løysingane, vil slutta å verka frå same dato.

Vil du lesa meir om e-innsyn? På den nasjonale nettsida ligg informasjon om kva som ligg der, ofte stilte spørsmål og brukarrettleiing.

Eller sjå kommunen sine heimesider.