Merethe Meling Kindingstad frå biblioteket og Ragnhild Valand frå Frivilligsentralen inviterar til lokal politisk debatt ved innbyggjartorget på Finnøy torsdag. Foto: Silje Talgø Klakegg

Førstkommande torsdag vil Finnøy innbyggjartorg i samarbeid med biblioteket og frivilligsentralen arrangere valdebatt.

I invitasjonen skriv dei:

Korleis er politikarane nøgde med jobben som har vore gjort sidan samanslåinga, og korleis vil dei utvikle kommunedelen vidare? Debatten vert leia av Stavanger Aftenblads Harald Birkevold og politikarar frå dei største partia kjem til Innbyggartorget for å overtyde nett DEG om at det er dei som fortener stemma di. Det vert forhåpentlegvis temperatur i panelet, litt valflesk og gode spørsmål frå salen.

Lokal valduell

– Eg vil oppfordre folk til å kome, seier Ragnhild Valand frå Frivilligsentralen.

Ho trur det blir ein kjekk kveld og god stemning:

– Det blir som ei lokal variant av valduell, noko som passar godt når de no skal avgjere kven som skal styre Stavanger dei neste fire årene.

Merethe Meling Kindingstad frå biblioteket fortel at dette er ein god moglegheit til å utfordre politikarane og spørje dei kva dei vil gjere for lokalsamfunnet i neste valperiode.

Fleire lokale politikarar

Politikarane som stiller til debatt er dei følgjande:

Tormod Wilson Losnedal (Høgre)

Hanne Vasshus (Arbeidarpartiet)

Tor Bernhard Harestad (Framstegspartiet)

Birger Wikre Hetland (Senterpartiet)

Henrik Halleland (Kristeleg Folkeparti )

Andreas Nordang Uhre (Miljøpartiet dei grøne)

Ann Elin Piel (Venstre)

Torgeir Thorsen (Sosialistisk venstreparti).