Etter initiativ frå utvalsleiar Rune Askeland (MDG) og utvalsmedlem Birger Hetland (Sp) vedtok utvalg for miljø og utbygging einstemmig desse tre punkta i møte onsdag 30. august:

  1. Det eldste barnehagebygget på Austre Åmøy. Har fått henvendelse på at takstein har løsnet og falt ned. Ber om at kommunedirektøren prioriterer videre fremdrift når det gjelder bygget og tomten.

  2. ​Utvalget har tidligere vedtatt at Helleristningsfeltet på Austre Åmøy skal rustes opp slik at det er lettere tilgjengelig for besøkende. Ber om at kommunedirektøren viser til status og videre muligheter for området til utvalget/relevant utvalg

  3. ​Det er kommet henvendelser fra innbyggere om å kunne ta i bruk det nylig nedlagte barnehagebygget på Austre Åmøy. Ber om at kommunedirektøren drøfter videre muligheter med utvalget/relevant utvalg

Ein som kjenner godt til problemstillingane på Austre Åmøy er Jostein Eiane (KrF), som sjølv driv med turisme frå garden sin på naboøya Sokn.

– Helleristningsfeltet langs vegen ned til Vågholmen har ein stor turisme utan at det er lagt til rette for det, seier Eiane:

– Det er berre ein halvgod parkeringsplass der. Det er ikkje slik ein bør ta imot besøkande.

Eiane har tidlegare vore ordførar i to periodar i gamle Rennesøy kommune.

– Austre Åmeøy er ein stad der det offentlege har trekt seg ut, gjennom at skule og barnehage er lagt ned, og der det manglar ein overordna plan om kva som skal skje vidare. Ein må sjå framover og bestemme seg for kva kommunen skal bidra med i bygda. Det er bra viss dette nå blir tatt tak i, seier Eiane.

Kart som viser det nyleg nedlagde barnehagebygg på Austre Åmøy: