På heimesidene til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) står denne notisen:

«NVE inviterer til folkemøte og befaring onsdag 15. november 2023. Befaring holdes kl. 14.30 med oppmøte ved Sokn bussterminal. Folkemøte holdes kl. 18 ved Sokn camping. Befaring og folkemøte er åpent for alle.»

Øyposten har ikkje blitt orientert om folkemøtet. Det skal heller ikkje Bygdebladet ha blitt, og knapt heller Innbyggertorget på Rennesøy. Etter det Øyposten skjønnar er det berre Stavanger Aftenblad og Stavanger kommune i byen som har blitt informert.

– Eg spelte inn at dei burde ha folkemøtet på Meieriet, sidan det sikker ville kome ein del folk, seier leiar Tor Bernhard Harestad i Rennesøy kommunedelsutvalg:

– Det har dei ikkje høyrt på. Eg fekk vite av grunneigaren at det skulle vere eit møte. Eg meiner informasjonen har vore altfor dårleg.

Øyposten har vore i kontakt med pressevakta i NVE som avviser at dei har freista å halde folkemøtet hemmeleg. NVE har klare reglar for korleis slike møter skal kunngjerast og annonserast og skriver dette i ein mail:

«NVE skal som du ser publisere en kunngjøring i Norsk lysningsblad og i lokal media, som i dette tilfellet var Stavanger Aftenblad - siden den dekker hele kommunen.»

I tillegg blei grunneigarar og naboar kontakta direkte.

Uansett veit me nå at det skal vere eit folkemøte om ei stor sak på Sokn. Saka gjeld at selskapet Novå AS har søkt om konsesjon til å bygge solceller på eit 215.000 kvadratmeter stort område på jordet rett ved den nedlagde og verna bomstasjonen på øya. Saka er ute til høyring med høyringsfrist 18. desember.

Solkraftverket skal vere inngjerda og drivast i kombinasjon med innmarksbeite, skriv NVE. Anlegget er forventa å produsere 14 gigawattimar (GWh) straum årleg, nok til å forsyne kring 560 einebustader.

Sokn solkraftverk kan bli Norges største solkraftverk, ifølgje Stavanger Aftenblad. Målet er å sette i gong produksjonen på nyåret i 2025.

Kart som viser staden for Sokn solkraftverk: