Ordføraren gjestar Finnøy, og vil møta folk som har noko på hjerta
Ordførar Kari Nessa Nordtun skal på rundtur i Finnøy kommunedel onsdag i neste veke. Både Finnøy, Sjernarøy, Ombo og Fogn står på programmet.
FINNØY: -Har du noko på hjerta eller noko du brenn for, benytt anledningen til å ta ein prat med ordføraren, er meldinga i forkant av besøket.
Turnéen startar klokka onsdag 14. desember klokka 09.10 på Innbyggartorget på Finnøy, kor det blir «dialog» med folk som har noko dei vil ta opp med ordføraren.
Deretter set ho kursen mot Sjernarøyane, der det blir møte med folk og næringsliv på Helgøysund Marina.
I tillegg skal ordføraren innom Havbruksparken på Finnøy, Grieg Seafood sitt slakteri «Stjernelaks» på Helgøy og Joker Eriksholmen i Sjernarøy, før turen går vidare til Eidssund og butikken der.
Deretter står Fogn og oppvekstsenteret der for tur. Også næringssjef Anne Woie blir med.